Fjørabloggen 2015
Forfatter: Fjøra FK
08. februar 2015
Me har fått tilsendt eit nytt innlegg fra Fjøra sin ukjendte bloggar, her er del 2 av Fjørabloggen 2015
3 veker har rast forbi sidan førre oppdatering og i løpet av desse vekene har mellom anna Trøndelag fått sin første Mullah, Magnus Carlsen har blitt satt sjakk matt, Ødegaard har reist til Syden med 25 journalistar i bagasjen og nok eit fly har ramla ned i Asia. Fjøra har derimot haldt fokus på seg og sitt og mellom anna spelt 3 kampar.
Først ut var Florø 2 og Fjøra var ute etter å syne at det var ”feil” lag som rykka opp frå 4. divisjon førre sesong. Sjølv med eit halvt lag ute med skader og sjukdom gjekk strandsitjarane rett i strupen på dei ambisiøse florøværingane som (som vanleg) vart ståande att og ynke seg då ting ikkje gjekk deira veg. Før kampen klaga Hjeltnes over influensa, men det hadde tydelegvis ikkje spreidd seg til høgrefoten som leikande lett la ballen i hjørnet frå 30 meter med keeper sprellande på bakken. Kampens høgdepunkt! Elles gjorde kampen at strandsitjarane endeleg greidde å finne skilnad på Erik og Erik. Erik ”Luka” Fossnes har gjort seg fortent til mellomnamnet då han minst 2 gongar audmjuka Florø-spelarane med tunnel og påfølgande raid. Erik ”Taxi” Loftesnes nytta løpskapasiteten sin til å herje med høgresida til Florø, og både back og kantspelar vart ståande fortvila å sjå på kvarandre kven som skulle halde følgje. Per var elles også storfornøgd med å ha fått årets første gule ”kjeks”, då han sjølvsagt satsar på å toppe kortstatistikken i år også!
Neste motstandar ut var Årdal, solid motstand, men storbonden Hatle hadde likevel ambisjonar om at Fjøra-laget skulle overraske i dette lokalderbyet, ”by mot industribygd”. No var det likevel slik at storbonden har vore i nordsjøen dei siste to vekene. Ikkje veit vi kva han gjorde der, men vi konstaterar at oljeprisane har stupt i løpet av denne tida. Uansett, i løpet av desse vekene hadde tydelegvis strandsitjarane bestemt seg for sin eigen kampplan, nemleg å teste laget sitt botnnivå. Denne planen følgde laget til punkt og prikke og det vart ein god referanse på kvar laget står, når vi står. Det er elles verdt å nemne at Fjøra stilte med sin eigen årdøl i denne kampen, nemleg Gøran Wigum som er med Fjøra og trenar etter eit opphald i det mystiske austen, nemleg Kongsvinger. Om Gøran etter kvart vert Fjøraspelar vil det først og fremst vera for å vere støttekontakt for Tommy, som kjende seg einsam som einaste årdøl i klubben. Men dette er nok eit sjansespel då Tommy er frå Tangen og Gøran er frå Øvre. Her kan det verte snakk om solid kulturkrasj!
Sist ut var utanlandsk motstand, nemleg Follese frå Bergen. Med to kampar på to dagar var det ein brei Fjøratropp som stilte før kamp, og det verka som om det var fleire som hadde vore heime og ”snudd kjerringa” i løpet av natta. Både Steffen ”Bladerunner”, Håvard og Sindre storkosa seg i denne kampen då dei endeleg fekk høve til å prate morsmålet og høyre nytt frå heimlandet. Follese hadde lagt mykje i å vere maks førebudde til denne kampen og reiste til saftbygda allereie 3 dagar i førevegen for å få reisa ut av beina og bli vandt til både kampdekket og klimaet i Sognahallen. Forhåpentlegvis er det eit godt omen for oppgjera mellom Sogndal og Brann i glamorøse Obos-ligaen, at sogningane i denne kampen sendte bergenserane ”hem ” med 3-1 i sekken. Tom var så nøgd og smørblid med resultatet at han like så godt reiste innom garderoben og takka for kampen til forfjamsa Hødd-spelarar som satt og gjorde seg klare til eit seinare oppgjer mot Sogndal.
Elles er det verdt å merke seg at vi har trekt Stryn som første motstandar på vegen til Ullevål. Dette vert ein liten omveg til Oslo, då det hadde vore raskare å reist via Mannheller – Fodnes, men slik er ofte vegen til NM-gull. Snakkes bloggen!