[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vurdering serierunde 2

Forfatter: Jan Fuglesteg

24. april 2013

Fotball
News article image

Ny runde i 4. divisjon Sogn og Fjordane på beddingen og me vurderer alle kampane unnateke Fjøra - Dale.

Serierunde 2 startar i morgon, fredag, og vert avslutta på måndag. Rundens rakkarøkkare er slaget om Nordfjord, der Eid tek i mot Sandane i kamp om både poeng og prestisje. Elles mange interessante oppgjer.

Det vert skrive eigen prematch for kampen Fjøra - Dale.

Balestrand IL - Sogndal III (fredag 26. april kl 19:00)
Kamp mellom to lag som tapte i serieopninga. Balestrand rauk 2-0 borte for Dale. Dei hadde sjansen i starten av kampen til å gå i føringa, men etter at Dale tok leiinga så kom dei ikkje nok inn i kampen til å trua heimesigeren. Voneleg er BIL betre heime, slik som dei var i fjor. Sogndal sine tredje beste fekk det som venta tøft på Campusen då seriefavoritten Eid vitja storstadion. 1-5 i sekken og jumboplass på tabellen var fasiten. Sogndal II stillte meget sterkt lag i tapet mot Florø i 3. divisjon, så her vil nok SIL III derfor stille med sterkt lag og mange fra andrelagsstallen. Me trur difor at gjestene tek med seg poenga over fjorden.

Skavøypoll IL - IL Høyang (fredag 26. april kl 19:00)
Flott og sterk seriepremiere for Polljen som på overtid tok med seg alle poenga mot Kaupanger på Skogen. Sterkt forsvarsspel, nett det same som var melodien i fjorårssesongen, er ein del av grunnen til det. Heime på eige kunstgras ventar me at Skavøypoll er endå sterkare og ein skal ikkje sjå vekk i frå at det vert reine fortet i år. Polljen var nemleg meget sterke heime i fjor. Høyang fekk nok ikkje den starten dei hadde håpa på i prestisjeoppgjeret med Førde II. Med ein mann meir siste halvtimen vart det diverre 1-2 tap. I denne kampen får gutta frå Midtre Sogn køyrt seg og me tippar ein trygg trepoengar til vertane.

Eid IL - Sandane T&IL (laurdag 27. april kl 16:00)
Dette er rundens "toppkamp". Lokaloppgjer i Nordfjord, mellom to lag som ynskjer å vera med i toppen. Utgangspunktet for dei to laga er derimot heilt ulikt. Eid gjorde ein solid jobb med å slå Sogndal III på bortebane, med solid margin, noko som førte dei til topps på tabellen etter første runde. Der har dei nok ambisjonar om å bli. STIL greidde ikkje "presset" då dei tok i mot nyopprykka FSK II førre helg. Til tross for mange sjansar så tapte dei til slutt kampen 3-2. Det er ei strek i rekninga. Med tap i denne kampen vil dei ligga 6 poeng bak ein av dei argaste konkurrentane om opprykk og det set eit ekstra press på blåtrøyene. Eid er favorittar, men STIL er klart kapable til å ta poeng i denne kampen. Me trur på heimesiger og fortsatt tabelltopp.

Florø II - Kaupanger IL (sundag 28. april kl 15:00)
Florø II med ein kjempestart på sesongen då dei sigra over STIL på bortebane, truleg noko ikkje altfor mange lag kjem til å kopiera denne sesongen. Florø II hadde mest kontroll over premierenervane og snaut STIL for sigeren, sjølv om dei nok hadde litt tur i visse situasjonar. Men det betyr ingenting så lenge dei fekk med seg alle tre poenga. FSK II var godt med i 1. omgang spele og sjansemessig, men i 2. omgang sleit dei meir. Men effektive når sjansen baud seg, det var dei i motsetnad til STIL. Kaupanger tapte eitt poeng på overtid mot Polljen og det er alltid bittert. Bra gjennomført kamp av grøntrøyene som virkar meir solide i år. Men dei slit med å få omsett sjansar til mål. Dette er ein ganske open kamp, men me trur mest på heimelaget, sjølv om KIL kan få med seg eitt poeng.

Førde II - Jølster IL (måndag 29. april kl 19:00)
Fin seriestart på Førde II som tok med seg alle tre poenga heim att frå Høyanger, til tross for at dei måtte spele siste halvtimen med 10 mann. Vegard Eikeland spelar ikkje denne kampen grunna karentene. Jølster spelte 0-0 heime mot Fjøra og det trur me at dei tykjer var ei ok serieopning. Dette er eit skikkeleg lokaloppgjer med stor prestisje. Me trur at heimelaget dreg dette greit i land.

Og elles?
Da e ikkje noko å lura på. Ta deg ein tur på kamp!