[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Fjøra FK - Kaupanger IL

Forfatter: Jan Fuglesteg

15. mai 2012

Fotball
News article image

I morgon er det klart for den klassiske 16. mai runden i den lokale andedammen. Det bugnar av lokaloppgjer, noko som set ei ekstra ramme rundt kampane denne fotballfesten dagen før dagen. Fjøra tek i mot Kaupanger på Sogndal stadion. Me har ein kort prematch klar.


I morgon er det klart for den klassiske 16. mai runden i den lokale andedammen. Det bugnar av lokaloppgjer, noko som set ei ekstra ramme rundt kampane denne fotballfesten dagen før dagen. Fjøra tek i mot Kaupanger på Sogndal stadion.

Fjøra gjekk på eit sviande tap i den vanskelege bortekampen mot STIL. Det som vert viktig å ta med seg frå den kampen er at Fjøraspelarane må vera påskrudde når kampen startar. Då må ein ha gira seg opp på førehand. I tillegg skal laget ta med seg den gode perioden i 2. omgang.

Trenar Kjell Ertesvåg har sendt oss nokre ord framføre morgondagens prestisjeoppgjer:

" Etter helgas svake resultat, er me revansjesugne til denne kampen. Det er nok og KIL, som ventar på den fyrste 3 poengaren. Tre uavgjorde kampar og eit tap etter 4 kampar er nok ikkje KIL nøgde med. Dette gjer at me garantert kan vente oss ein tøff kamp. Me møtte KIL til treningskamp 16. mars, ein kamp som me vann 3-2, etter å ha lege under 2-0 etter 25 minutt.

Om me skal lukkast i denne kampen, er det enkle middel som lyt nyttast. Innsats og vilje i duellspelet, og presisjon i pasningsspelet.

Mot Sandane var me for tafatte på alle område i 1. omgang. Dei fyrste 30 minutta av 2. omgang derimot presterer me opp mot årsbeste reint spelemessig, men diverre utan teljande resultat i målprotokollen. Me skapte målsjansar, men dette var dagen då ballen ikkje ville i mål. Totalt sett var Sandane betre enn oss den dagen, og vann fortjent.

FFK-KIL har alltid vore underhaldande, spennande og dramatiske, det vert garantert denne kampen og. Det laget som vil mest, og er mest fornuftige i spelet sitt, vinn kampen.

Me gledar oss til kampen, og ser fram til å få spele på Sogndal stadion igjen.
"

Fjøra stiller med følgjande tropp til morgondagens lokaloppgjer:

Bjarte Hovland, Håvard Kristiansen Bøyum, Roger Hjellhaug, Ørjan Hjellhaug, Vegard Fardal Nes, Magnus Hunemo, Daniel Fyllling, Stian Anhanger Solberg, Ole Marius Anhanger Solberg, Espen Granlund, Anders Hella, Tor Ove Anuglen, Sebastien Tveten Eriksen, Jørn Kvalvik, Ola Egge Ødegaard, Kenneth Nondal, Ole Morten Kvam og Torbjørn Ylvisåker

Fjøra har hatt mange tøffe og jamne oppgjer mot Kaupanger. Me tek like godt eit lite dykk ned i statistikken. Og me konsentrerer oss om seriekampar i Sogndal sidan denne kampen vert spelt i Sogndal. Laga har møtt kvarandre 10 gonger i serien der Fjøra har vore vertar. Halvparten har enda med Fjørasiger, to med poengdeling medan KIL har teke med seg alle poenga ved tre høve. Fjøra har putta 10 fleire mål enn KIL og måltala er 29-19. Fjøra har vunne dei siste 2 seriekampane mot KIL i Sogndal og me lyt attende til KIL sin gode sesong i 2007 for å finna sist gong KIL vann. Då vart det derimot ein solid 3-0 siger til grøntrøyene. All statistikk laga imellom finn du her.

Kaupanger har nok ikkje fått den starten på sesonge dei hadde sett føre seg. Iallefall når ein tenkjer på poengfangsten. Tre poeng på fire kampar er nok ikkje grøntrøyene nøgde med. Det som derimot er positivt for KIL er at dei har spelt bra og skapt mange sjansar. Det har skorta på effektiviteten offensivt samstundes som at dei nok i eigne auge har sleppt inn for lettvindte mål. Så om KIL greier å gjere noko med dette så vert dei vanskelege å handskast med. Deira prematch finn du her.

Me kjem ikkje til å overføra kampen live her på fjora.no. Me henviser til firda si livteneste. Eller aller best - ta turen til Sogndal stadion og sjå den der.


TIPS SERIERUNDE 5

Lærdal IL - Veitastrond IL
(onsdag 16. mai kl 18:00)
Etter eitt poeng mot Jølster for to serierundar sidan var det attende til kvardagen for lærdølene. Skavøypoll vart for sterke og vann komfortabelt 4-0. Veitastrond tapte 3-0 mot Jølster på Leikvoll sist runde, men det heile kunne sett annleis ut om Frode Kvam hadde scora på straffesparket i 1. omgang. Eller at Strondi hadde scora tidleg i 2. omgang. Heilt open kamp dette, men etter vårt syn så har VIL hakket meir kvalitet enn vertane og me tippar difor at gjestane tek med seg poenga over Sognefjorden.
TIPS: B

Balestrand IL - IL Høyang
(onsdag 16. mai kl 19:00)
Balestrand med fin-fin opning på sesongen. Balestrand spelte sin første bortekamp i førre runde, ein vanskeleg bortekamp mot KIL. Balestrendingane kom godt i frå oppgåva. Imponerande så langt i sesongen. Høyang drog i land ein knipen 1-0 siger mot Dale - ein kamp som fort kunne ha bikka begge vegar. Dette er verkeleg ein kamp som har historisk sus over seg. Underteikna har leita med lys og lykte og funne ut at sist gong desse laga møtte kvarandre i serien var attende i 1979. Den gongen enda begge kampane 1-1, og Høyang rykka opp i 4. divisjon. Me trur at Balestrand, grunna sin store entusiasme og store publikumstal, dreg i land sigeren. Vert det 500 på tribunen?
TIPS: H

Jølster IL - Sandane T&IL
(onsdag 16. mai kl 19:00)
Jølster fekk ein etterlengta trepoengar då dei til slutt slo VIL med dei komfortable sifra 3-0 på Leikvoll. Men Jølster hadde tur som ikkje kom bakpå og dermed hadde vorte jagande etter utlikning. Når VIL ikkje greidde å putte så var Jølster effektive og utnytta feil hjå VIL og fekk med seg ein sterk siger på bortebane. STIL tapte stort i serieopninga og sidan den gong har det vorte tre sigrar på rad. Spesielt gode offensivt, også bra defensivt når dei er på slik dei var mot Fjøra i førre runde. STIL har det beste laget av desse nabolaga, men Jølster er litt på gang og kan fort skapa problem for godtgåande STIL. Me tippat det vert poengdeling.
TIPS: U

Dale IL - Førde II
(måndag 21. mai kl 19:00)
Dale mot Førde. Treng me seie meir. Prestisje. Sjølv om det er Førde sine nest beste det er snakk om. Dale har fått ein trasig start på sesongen og har plassert seg under streken sålangt. Var både uheldige og udyktige som ikkje fekk med seg poeng mot Høyang, og dei har ein jobb å gjere med å snu trenden. Førde II tapte klart 4-0 mot tabelltopp Sogndal II på måndagskvelden. Langt meir overkomeleg motstand for det unge Førdelaget her. Me trur på ein jamn kamp der Dale tek sin første trepoengar.
TIPS: H

Sogndal II - Skavøypoll IL
(mandag 21. mai kl 19:00)
Dette er rundens toppoppgjer mellom nummer 1 og 2 på tabellen. Sogndal II står oppskriftsmessig med full pott så langt i sesongen og er det laget som har scora flest mål. Det er ikkje tilfeldig. Gode unggutar blanda med rutine som vert leia av ein trenar som har staka ut kursen for sesongen. Opprykk. Sålangt har laget levert varene. Me forventa at Skavøypoll kom til å vera på øvre halvdel gjennom sesongen og det har dei til fulle innfridd. Dei har eit godt lag leia av ein go trenar. Det gir resultat. Sogndal II er klare favorittar i denne kampen, tross at det er nummer 1 og 2 som møter kvarandre.
TIPS: H