[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Møter Årdal FK i cupen

Forfatter: Jan Fuglesteg

08. februar 2013

Fotball
News article image

Norges Fotballforbund har sett opp første kvalifiserande runde til NM og der er Fjøra tilgodesett med deltaking.

Fjøra skal møte Årdal FK og kampen skal gå inne i Øvre Årdal. Kampdag og tidspunkt for første kvallikrunde er sundag 17. mars kl 16:00, men kampane kan spelast på eit tidlegare tidspunkt dersom klubbane vert samde om dette.

Fjøra har møtt Årdal FK i NM-samanheng to gonger tidlegare, begge i Sogndal, og Fjøra har gått sigrande ut båe gongene. Sist gong laga møttest i NM-kvallik var i 2011 då Fjøra vann 1-0 inne i Sognahallen.

Går me lengre attende i tid, før samanslåinga mellom Jotun og Årdalstangen så har Fjøra møtt Jotun 4 gonger i cupen, medan dei har møtt Årdalstangen 1 gong. Mot Jotun står Fjøra med 3 sigrar og eitt tap. Kampen mot ÅTIL enda uavgjort, men Fjøra gjekk vidare etter straffesparkkonkurranse. Fjøra har i alle desse åra kun spela ein bortekamp mot årdølene.

Fjøra ser fram til å møta eit godt 3. divisjonslag og det er alltid litt ekstra for Fjøra å møta Årdal FK. Dette vert ei stor utfordring for Fjøra.

Andre kampar med lag frå fylket
Vik IL - Hovding
Florø SK - Saga FK
Stryn T&IL - Eid IL
Tornado Måløy FK - Sandane T&IL

Heile oppsettet for første kvallikkrunde