[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Stryn 4-2

Forfatter: Fjøra FK

21. februar 2015

Fotball
News article image

Fjøra det beste laget og fortjent seier 4-2 mot Stryn

Mens halve bygda er til fjells under fjellsportfestivalen gjorde Fjøra og Stryn opp seg i mellom innandørs i Sognahallen i dag. Laga møtes som kjendt igjen i første kvalikrunde i NM 22.mars og det var derfor knytt ein viss spenning til kor langt begge laga var kome i oppkøyringa. Dagens kamp viste iallfall at Håvard Hatle har gjort ein solid jobb med årets Fjørastall og Fjøra framstår pr no langt meir solid enn dei utgavene me har sett dei siste åra. Likevel skal me ikkje gløyma at for knappe to veker sidan vart me utspelt av Årdal, og me fekk også ein god peikepinn i dag i starten av andreomgang på kor raskt kampbildet kan snu når me ikkje er på tå hev. 4-2 til Fjøra men ingen poeng utdelt endå og kampen om ein månad vil bli ein heilt annan enn kampen i dag

Fjøra sitt første mål vart sett inn etter 35 minutt. Flott gjennombruddspasning fra Elias Saltnes til Sindre Rørvik der Sindre skar inn fra sin kantposisjon og hamra ballen kontant i nettet. På tampen av omgangen vart Rørvik felt og Hjeltnes netta sikkert på straffe, Dommar Håkonsen ville derimot at straffen skulle takast på nytt og Hjeltnes netta sikkert også denne gangen, no i motsatt hjørne. 2-0 til pause og Fjøra kunne gå i garderoben vel vitande om at dei hadde gjennomført ein god omgang.

Såpass fornøgd var Fjøra med sin første omgang at me stod litt med lua i hånda då dommaren bles i gang andre omgang. Kun halvminuttet var gått før Wie stussa gjennom Vegard Hopland som banka ballen i mål bak ein sjanselaus Espen Staff. Neste ti-femten minutta hadde Stryn taket på Fjøra og det låg ein utlikning i lufta heilt til Wigum kontant sette pannebrasken til på ein corner fra Lilletvedt i det 56.minutt. 3-1 til Fjøra og med det gjekk lufta litt ut av Stryn og kampen jamna seg ut igjen. Etter 79 minutt viste høgreback Erik Loftesnes offansive kvaliteter då han vrikka litt på rompa, drog vekk eit par Strynespelarar og slo eit godt innlegg mot bakerste. Der hadde ingen andre enn vår venstreback, Knut Ripe sprunge seg fri. Sidelengs i lufta kungfu-sparka han ballen i mål til 4-1. Tydeleg at spelarane har lytta til det Hatle har sagt i vinter; me skal ha offansive backar!!! Minuttet før slutt reduserte Stryn ved Romeo Juty Johnny etter corner og resultatet vart dermed 4-2 til Fjøra. 

Solid gjennomføring av Fjøra og det som er mest positivt er at me ser framgang i laget frå kamp til kamp og me ser att mykje av det som har vore jobba med på treningsfeltet. Det er hard kamp om plassen på laget og det er tydeleg å sjå på innsatsen både på trening og i kamp. Ekstra pluss i dag til 17 år gamle Elias Saltnes som tok seg fint av robuste Strynespissar i tillegg til at han torde og ha ro med ball i bein

Fjøra:

Espen Staff (Andreas Horvei fra 70.)

Erik Loftesnes

Elias Saltnes

Per Erik Lunde

Knut Ripe

Ole M Bolset (Kees Erstad fra 60.)

Gøran Wigum (Olve Øvstetun fra 65.)

Håvard Lilletvedt

Sindre Rørvik

Anders Hjeltnes

Mads Nondal (Arild Underdal fra 65.)