[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjørabloggen 2015

Forfatter: Fjøra FK

07. september 2015

Fotball
News article image

Dale sin nest største sønn (etter Arve Helle), er ute med eit nytt blogginnlegg om tilvære i Fjøra FK

Eigentleg skulle eg i dette innlegget fortelle litt om årets Hølsetetur, men av omsyn til våre lesarar kom ikkje den gjenfortellinga gjennom sensuren. Eg har i staden ordna eit eksklusivt intervju med ein historisk strandsitjar, så her er det berre å lene seg tilbake og verte overvelda av hans modne og reflekterte svar.

Tre kampar er spelt sidan førre oppdatering og med 3 nye sigrar dundrar Fjøra-toget ufortrødent vidare mot 3. divisjon 2016. Tornado Måløy ønskte nok å gripe sjansen til å henge seg med i det toget forlot perrongen, men i toppoppgjeret på Campus såg det ut som om fiskarane frå Måløy hadde gløymd å ta tranen sin. Ein heilt fortjent 4-0 siger har gjeve strandsitjarane den naudsynte roen og sjølvtilliten foran den resterande haustsesongen. Dette har synt igjen i tøffeog utfordrande 2-1 oppgjer borte mot (x)-formlaget Høyanger og lokaloppgjeret mot Kaupanger.

Sett vekk ifrå kampen mot Kaupanger har det likevel vore vanskeleg å fylle stadion til heimekampane. Til kampen mot Tornado Måløy var det minst like naudsynt med trøkk på tribuna, som på bana, og det var då naturleg å flytte Erik og Erik opp der for å skape litt engasjement blant publikum. Dei vart slik historiske som første( fysisk) friske strandsitjarar som ikkje vart inkludert i ein kamptropp, i heile Fjøra si historie. Ei slik hending må naturlegvis framhevast, og vi gjev deg her mogelegheita til å bli betre kjent med Erik (litt usikker på kven av dei).

Hei Erik, gratulerer med namnet ditt i gullskrift i Fjøra-historia, korleis kjennast det å oppnå dette i ein alder av 15 (16? 17? 18?), når du ser at Arildo var halvvegs til 70 før han greide å skrive seg inn i Fjøra-historia?

  • Tusen takk! Det er sjølvsagt at dette er stort for ein ung sogndøl som meg. Trass i at eg vert historisk for å sitte i ro på eit plastbrett, då eg eigentleg har hatt fokus på alt anna enn å vere like statisk som Horvei i firkanten. Men hey, historisk er historisk, og i motsetnad til visse andre tok det meg kun eit halvt år.

Eg høyrer rykter om at du forsvinn ut av Fjøra etter sesongen, er det fordi du no føler at du har oppnådd det du kan og at klubben har blitt for liten for deg?

  • Ja, det stemmer at eg no er på utgåande kontrakt. Det er som med superheltar, Erik Fossnes trengs overalt. Derfor er det ikkje så lett å bli verande på same plass alt for lenge. Men det er ikkje slik at klubben har blitt for liten for meg, tvert imot. Då eg fekk tilbod om å vere modell for ein rekke asiatiske reiseblad (eller å ta førstegongstenesta si i HMKG som andre kallar det), måtte eg berre takke ja.

Du er jo tilnærma ein komplett spelar, men dersom du kunne velge ein eigenskap frå ein av lagkameratane dine, kva ville det vore?

  • Eg veit i alle fall at den tidlegare Fjøra-keeperen, Espen Staff, hadde husmorskunnskapar til tusen. Han kunne mellom anna friste med heimelaga sjokoladeboller før trening tidlegare i år, meiner eg å hugse. Men samtidig so slår ikkje det Fossnes sine heimelaga og deilige muffins. Derfor trur eg at eg kanskje må gå for ein av mine noverande lagkameratar, Håvard Stedje med sitt pågangsmot. Han har slitt med ein god del skadar, i tillegg til at han kvar morgon blir minna på at han er Leeds-fan for evig tid. Likevel klarar han å halde humøret oppe. Eg forstår ikkje korleis han klarar det.

For dei turinteresserte, du nyttar jo alltid ein 70-liter sekk under avslutningstrening, er det eit merke du kan anbefale spesielt, til dømes Bergans eller Norrøna? Kva meinar du er dei viktigaste eigenskapane ein sekk skal ha?

  • No er eg ein ettertrakta kar hos tursekk-leverandørane, og eg har derfor testa dei fleste typane. Eg har faktisk testa SIMAS sin nye søppelsekk, som endå ikkje er på markedet, men det var eigentleg berre bortkasta tid. Min favoritt, detimot, er "Exped Thunder 70". Den er perfekt for oss distanseskyttarar. Ein av dei viktigaste eigenskapane ein sekk skal ha er det at den må sjå bra ut, gjerne matche fargen på kleda. I tillegg bør den ha god vektfordeling, slik at skotet ikkje ser heilt håpløst ut. Kanskje også utstyrt med klatreutstyr for å hente ned ballane frå taket?

Du er jo kjendt som ein person med stålkontroll på musikkartistar og songtekstar, kva Fjøra-spelarar tenker du hadde vore naturlege i eit boyband, og kvifor?

  • Eg trur eg må gå for eit boyband på fire.
    Først ut er Per'n. Han kan virke som ein hardhaus på utsida, men innerst inne er han like mjuk som ein vaniljeis som har stått litt for lenge på kjøkkenbenken.
    Eirik Kristoffersen er sjølvskriven i dette boybandet. Sleiken, det lure smilet og sjarmen gjer at han passar perfekt inn her. Einaste eg er redd for er at han skal legge eit Hellbillies-preg på musikken.
    Me må jo ha med nokon som faktisk kan synge og. Då fell valget på Håvar Mjelleli. Minnar meg om ein ung Gary Barlow.
    Siste mann blir Stian Solberg. Får han på seg ei skinnjakke, so kunne han lett glidd inn som fjerdemann i Take That.

Har det hendt at du har vore bevisst dårleg og sabotert for laget ditt på trening fordi du var gira på å springe 20/10 som straff? Kva er di favorittstraff på trening?

  • Det vil eg helst ikkje kommentere. Men det eg kan seie er at 17/13 er ein personleg favoritt, uansett om eg er med eller ikkje.

Sett i forhold til kva du reknar som viktigast, ranger følgjande potensielle hendingar frå 5 til 1 (1 er mest viktig):

  • Opprykk for Fjøra til 3. divisjon (3)
  • Opprykk for Middlesborough til Premier League (4)
  • Å slå minst 1 luke på kvar trening (1)
  • Få skjeggvekst (5)
  • Total og ubetinga fred i verda (2)

Sett at du fekk delta i din store draum som er Farmen; er du den som stel mat frå dei andre, forelskar deg i den blonde jenta med sørlandsdialekt, jobbar knallhardt for fellesskapet kvar dag eller snik deg rundt og skapar intriger mellom dei andre deltakarane?

  • I byrjinga hadde eg gått for ei enkel løysning, bevegd meg under radaren medan eg hadde studert gardsboka frå punkt til prikke. Etter kvart kunne eg tenkt meg å bli litt meir aktiv, stukke kjeppar i hjula for ukesoppdraget. Ein er jo der for å "spele spelet". Ellers hadde eg sikkert gått rundt og irritert meg over dårlege norsk-kunnskapar (dei fleste kjenner til dette problemet hos reality-deltakarar). Om nokon t.d. hadde prøvd seg med "spørre eit spørsmål", kunne eg ikkje berre stått og høyrd på.

Du må legge til ein svakheit i spelet ditt, vil du helst ha farten til Tobbe, fintereportoaret til Kees eller høgrefoten til Eirik?

  • Det må bli høgrefoten til Eirik

Vi takkar Erik audmjukt for intervjuet og oppmodar alle lesarar til å komme på heimekampane framover. Erik har lova at han før kamp og i pausa vil signere autografar, men han vil helst ikkje forstyrrast medan han ser på kampen.