Fjøra - Stryn 1-2
Forfatter: Fjøra FK
22. mars 2015
Stryn vart for sterke for Fjøra idag og dei er dermed vidare til andre kvalikrunde 8.april
Fjøra skulle gå ut i hundre i dagens kamp mot Stryn og vinne ball høgt i bana frå start. Dette klarte me ikkje heilt å gjennomføre og i staden var det Stryn som gjekk rett i strupen på Fjøra frå avspark og Mads Wie hadde ei heading i stolpen tidleg i kampen. Etter kvart spelte Fjøra seg meir inn i kampen og etter 14 minutt gjekk Fjøra opp i leiinga. Corneren frå Lilletvedt vart stussa vidare på første stolpe og Gøran Wigum sette ballen kontant i mål på bakerste.
Halvvegs ut i omgangen viste Mads Wie fram skotfoten då han sette ballen hardt nede i hjørnet for Staff frå om lag 20 meter. Litt passivt av Fjøraforsvaret som kunne vore tettare i Wie samt enda tøffare i trekket før ballen kom så langt men god prestasjon av sandensaren. Uavgjort stod seg til pause og gav eit greit bilde av ein relativt jamn førsteomgang.
Berre minuttar ut i andre omgang drog Juty Johnny seg innover frå sin venstrekant og fyrer av mot Fjøramålet. På returen får Mads Wie etter kvart tid nok til å hamra ballen i mål og verst tenkeleg start for Fjøra. Fjøra måtte dermed jaga utlikning men det stoppa litt siste tredjedelen og dei heilt store sjansane uteblei. Stryn skal ha for at dei ikkje la seg bakpå og sikra seieren, tvert i mot angreip dei med minst like mange som dei hadde gjort heile kampen. Mot slutten av kampen var det smått utruleg at dei ikkje punkterte kampen då Fjøra sende alle mann i angrep.
Stryn dermed fortjent vidare til andre kvalikrunde med 2-1. Fjøra mangla siste fem prosentane i dag men gjorde seg absolutt ikkje vekk mot eit godt Strynlag. Litt unøyaktige dei gangene me har muligheten og litt for lite tolmodighet med ball som gjer at spelet i periodar vert litt oppjaga og me må jaga mykje ball.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 22.03 kl 14:00
Arena: Campus
Turnering: NM-kvalik
Dommar: Vebjørn Nord Haugland
Fjøra – Stryn 1-2 (1-1)
1-0 14 min Gøran Wigum (Håvard Lilletvedt)
1-1 28 min Mads Wie
1-2 48 min Mads Wie
Gult kort: Håvard Lilletvedt, Gøran Wigum
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff
--------------------
Erik Loftesnes
Torbjørn Ylvisåker
Elias Saltnes
Knut Ripe
--------------------
Håvard Lilletvedt
Gøran Wigum
Ole Martin Bolset (Victor Aguiar fra 88.)
--------------------
Sindre Rørvik
Anders Hjeltnes
Mats Nondal (Arild Underdal fra 65.)
Mykje gode bilder fra kampen av Stig Høynes på haugenfotball.no, følg denne linken: http://www.haugenfotball.no/fakta150322cupfjorastryn.html