[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Florø2 5-4

Forfatter: Fjøra FK

06. juni 2013

Fotball
News article image

It ain`t over until the fat lady sings!

Det vart ein svært underholdande kamp for dei frammøtte på Campus i dag, då Fjøra til slutt drog i land ein 5-4 seier mot Florø 2. Men det såg nett ikkje lyst ut då laga gjekk til pause på stillinga 4-1 til Florø 2.

Me hadde planar om å stå høgt og pressa Florø tilbake fra start, men slik skulle det altså ikkje gå. Det var Florø som tok i kampen og trilla ball, medan Fjøraspelarane hamna mykje på etterskot defensivt og fekk det heller ikkje heilt til å gli offensivt.

Alt etter 3 minuttar vart Erik Selås spelt nydeleg gjennom mellom back og stoppar i Fjøraforsvaret, og Selås netta sikkert åleine med keeper, dermed 0-1 før kampen var komen skikkeleg i gang. Berre nokre minutt seinare kvitterte Fjøra og me trudde no at me skulle jobba oss innatt i kampen. Ola Ødegaard slo eit innlegg som gjekk over alle i feltet, men på motsatt sto Kenneth Nondal som brukte to touch og klinka ballen i lengste hjørnet. Flott scoring av Nondal der som skulle vise seg meir fram seinare i kampen

Målet til Fjøra gav ikkje den boosten me håpa på og i staden var det Florø som fortsette å køyre kampen. Etter 21 minutt fekk dei 2-1 etter litt klabb og babb etter ein corner, medan Aksel Bauge la på til 3-1 etter 27 spelte minutt. Innimellom dette hadde Fjøra nokre gode sjansar som ikkje vart utnytta godt nok, det var lliksom litt farlegare når dei unge Florøværingane nærma seg målet. Like før pause står Bjarte Hovland på feil fot då eit Henrik Bortheim skot så vidt snik seg inn i korthjørna og Fjøra må gå til pause med 1-4 i sekken.

Både Fjøra og Florø prøvde å stå høgt og det er liten tvil om at Florø lykkast best med dette i første omgang. Fjøra var ikkje aggressive nok i presset og sto ikkje nok etter med laget slik at Florø gang på gang fekk spelt seg framover i bana. Ungdomane på Florø 2 styrte banespelet, og sjølv om Fjøra også hadde nokre sjansar, var det lite og seie på at resultatet såg så stygt ut som det gjorde. Med 1-4 halvvegs var det vel ingen som heilt hadde trua på at det skulle bli poeng til Fjøra i denne kampen, men det skulle vise seg at det var eit heilt anna Fjøralag som kom på bana i andre omgang.

Fjøra la seg litt djupare for å tetta att rom og lot stopparane til Florø sette meir i gang bakfra enn i første omgang. Dette gav litt meir gunstige brot, samstundes som ein fekk utnytta breiddeholdarane våre betre. I tillegg var det no Fjøra som var mest aggressive og laget skapte sjanse på sjanse utover i den andre omgangen. Etter 59 minutt slår Ørjan Hjellhaug (som for øvrig kom inn for ein skada Mats Nondal alt etter 10 minutt) inn til Kenneth Nondal som scorar, men tvilsomt vert annulert for offside. Sikre kjelder fra tribuna stillte seg iallfall undrande til avgjersla så då hiv me oss på den J. Men berre minuttet etter er Fylling på rett plass framfor mål og reduserer til 2-4 etter flott forarbeid av Knut Ola Høvik. Fortsatt var det langt igjen til poeng og kampen roa seg litt midt i omgangen.

Men når Kenneth Nondal etter 79 minutt får eit nytt innlegg fra Hjellhaug, som han etter litt triksing set sikkert i mål har heimelaget verkeleg fått lukta av poeng. Me legg no om til 3-5-2 i eit siste desperat forsøk på å få med oss poeng og då Nondal skrur eit frispark i mål fra over 20 meter i det 84.minutt er det vill jubel i Fjøraleiren. Florø verkar litt prega av opphentinga til Fjøra, som fortset å satse offensivt for å fullbyrde ein fantastisk snuoperasjon. Så, i det 89. minuttet, vert vossakongen Ola Ødegaard (som no var flytta fram i bana) spelt åleine gjennom med keeper og han klinkar ballen i lengste hjørnet. 5-4 til Fjøra og sjølv om Florø 2 hadde ein farleg sjanse like etter rodde Fjøra i land 3 meget viktige poeng i toppen av tabellen.

It ain’t over until the fat lady sings!!! Fantastisk snuoperasjon av Fjøra og ikkje noko er vel herlegare enn å snu 1-4 til 5-4 seier. To heilt forskjellige omgangar der Florø er suverent best i første medan Fjøra køyrer kampen fullstendig i andre. All ære til Fjøragjengen som stod på og ikkje gav opp til pause, det er ein viktig egenskap og ta med seg. Så får me heller sjå litt forbi at det var mykje som ikkje stemte i førsteomgang, slike snuoperasjonar gjer godt. Sjølv om heile laget jobba godt for å komma innatt i kampen er det vanskeleg å komma utenom Kenneth Nondal, som med sine tre praktfulle scoringar viste at han er i svært god formom dagen.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Torsdag 06.06.13 kl 17.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Frank Heggestad, Veitastrond

Tilskodarar: ca 40

Fjøra – Florø 2 5-4 (1-4)

0-1        3 min Erik Selås

1-1        9 min Kenneth Nondal (Ola Ødegaard)

1-2      21 min Thor Henning Brandsøy

1-3      27 min Aksel Bauge 

1-4      45 min Henrik Bortheim

2-4      60 min Daniel Fylling (Knut Ola Høvik)

3-4      79 min Kenneth Nondal (Ørjan Hjellhaug)

4-4      84 min Kenneth Nondal

5-4      88 min Ola Ødegaard (Olve Øvstetun)

Gult kort: Ole Morten Kvam og Knut Ola Høvik, Fjøra. Erik Selås, Simen Halvorsen og Dino Omerovic, Florø 2

Fjøra (4-3-3):

Bjarte Hovland- Ola Ødegaard, Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Olve Øvstetun - Knut Ola Høvik, Øystein Wilkensen (Ole Morten Kvam fra 74.), Håvard Lilletvedt – Mats Nondal Ørjan Hjellhaug fra 10.), Daniel Fylling (Stian Solberg fra 74.), Kenneth Nondal

Florø 2:

Joakim Husevåg, Henrik Bortheim, Thor Henning Brandsøy, Emil Aadland, Martin Orheim, Kristoffer Orheim, Kristoffer Sigdestad, Simen Halvorsen, Erik Selaas, Fredrik Avsnes, Aksel Bauge.