[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Førde2 2-1

Forfatter: Fjøra FK

13. oktober 2015

Fotball
News article image

Fjøra tok sin tiande strake seier, men Førde 2 var nære ved å få med seg eitt poeng

Det var tydeleg at Førde 2 hadde stor respekt for Fjøra då dei parkerte bussen, gjekk ut i ein 5-4-1 formasjon og satsa på kontringar med Norevik åleine på topp. Sjølv med fem mann bak sleit Førde med å demme opp for Fjøra som ofte kom til gode innlegg fra kant eller back men inne framfor mål hadde førdianarane stort sett grei kontroll på det som kom. Dei største sjansane til Fjøra kom ved hjørnespark der vi fleire ganger var nære ved å gå opp i leiinga. Fjøra styrte det meste av banespelet mens Førde på si side ikkje var heilt ufarlege på kontringar og blant anna hadde Runar Heggestad ei god avslutning i nettveggen. Like før dommar Rune Haugland skulle blåse i fløyta til pause vart Wigum felt rett utfor 16 meteren. Wigum gjorde seg klar sjølv og dunka ballen i keeperhjørnet og 1-0 til Fjøra etter ein relativt jamn og kjedeleg første omgang.

I første halvdel av andre omgang leverer Fjøra veldig bra mot eit Førdelag som no har flytta seg meir opp i bana. Vi er aggressive og flinke til å trilla ball samstundes som me spring mykje. Fleire ganger får vi muligheter eller nestenmuligheter i bakrom etter godt spel og både Mats og Mathias har gode muligheter til å auke leiinga. Også Førde har ein stor mulighet til utlikning då Sandvoll driblar seg gjennom eit litt passivt Fjøraforsvar men Geir Stenehjem reddar meisterleg. 

Etter 62 minutt slår Eirik Kristoffersen eit godt innlegg bak forsvaret til Førde og fra rundt 15 meter set Mathias Flo inn sitt 29. mål for sesongen. Like før 2-0 målet måtte kaptein Gøran Wigum gå av med ein solid strekk i hamstringen og han er dermed ikkje aktuell for meir spel denne sesongen. Etter 2-0 målet bølga spelet fram og tilbake og Førde tok stadig fleire sjansar offensivt. Dette gav også Fjøra store rom til kontringar men det var Førde som hadde dei største sjansane på slutten. Først fekk dei straffe om lag ti minutt før slutt, men også denne vart redda med eit tigersprang frå Geir Stenehjem. Like etter skaut ein Førdespelar i stolpen før Gjøringbø sette returen i mål frå mistenkeleg offsideposisjon. 2-1 med fem minutt igjen heldt heldt seg også inn sjølv om Erik Loftesnes kunne punktert kampen på overtid då avslutninga hans traff innsida av krysstanga.

Ein ok kamp av Fjøra utan at me presterte heilt opp mot vårt beste. Me har grei kontroll på Førde med unntak av siste halvdelen av andre omgang der vi har for dårleg balanse i laget når me angrip i tillegg til at me ikkje er kompakte og tøffe nok når me forsvarer oss. Spesielt siste ti minuttane tek vi for store sjansar framover som gjer at vi fleire ganger har 4-5 mann på feil side når Førde slår kontra. Ellers er ti strake sigrar solid uansett kva nivå ein spelar på og heime har Fjøra kun avgitt poeng i 0-0 kampen mot Skavøypollen i vår. Klarer vi tre poeng mot Vik på søndag vil vi tangere den lengste sigersrekka til Fjøra nokon gang, ein rekord som står fra hausten 1983 og våren 1984 med 11 strake trepoengarar.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Tysdag 13.10 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rune Haugland

Fjøra – Førde 2  2-1 (1-0)

1-0    45 min Gøran Wigum

2-0    62 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)

2-1    85 min Svenn Ove Gjøringbø

Gult kort:  Kees Erstad

Fjøra (4-2-3-1):

Geir Stenehjem

--------------------

Ole Martin Bolset

Elias Saltnes

Knut Øystein Ripe (Per Eirik Lunde fra 63.)

Eirik Kristoffersen

--------------------

Kees Erstad (Jens Ivar Nilsen frå 84.)

Gøran Wigum (Ole Morten Kvam frå 59.)

--------------------

Erik Loftesnes

Steffen Olsen

Mats Nondal

--------------------

Mathias Flo