[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Påmelding Kjempenes Liga

Forfatter: Fjøra FK

16. oktober 2014

Fotball
News article image

Me tek frå i dag imot påmelding til Kjempenes Liga 14-15.nov.

Kjempenes Liga vert i 2014 arrangert 14-15. november. Påmelding innan 3.november til [email protected] der du oppgir lagnavn, kontaktperson og denne personens mail og tlfnr. (Me vil bekrefte påmeldinga di ved å sende mail tilbake). Det må rapporterast inn navn på spelarar innan 7.november, merk lisensspelarar med (L) bak namnet (endringar kan gjerast heilt inntil turneringsstart). Tilreisande lag som kun kan spela laurdag (og eventuelt andre lag med ønsker om kampdag) må oppgi dette i påmeldinga. Pris for deltaking er som tidlegare 1500 kr pr lag som skal vera betalt KONTANT i sekretariatet minimum 15 minutt før ditt lags første kamp.

Me ber lagleiarane informere om reglementet nedanfor, legg spesielt merke til:

  • Sklitakling er ikkje lov og medfører frispark imot då me meiner dette reduserer faren for skadar og stygt spel. Me skil mellom sklitakling og hockeyblokkering, hockeyblokkering er lov og det må da vere ein viss avstand til motspelar
  • Straffa for gult kort er redusert frå 5 til 3 minutt
  • Viss uavgjort ved full tid i sluttspelet vert det sudden death. 3 mot 3 inkl keeper i 2,5 minutt og deretter 2 mot 2 inkl keeper i 2,5 minutt. Viss ingen avgjersle i løpet av desse 5 minutta vert det straffekonk, ein og ein. Det er ikkje lov å byte spelarar i sudden death

Fullt turneringsreglement nedanfor. Vel møtt :)

 

TURNERINGSREGLEMENT

 §1 - Spelebane

1.

Bana vil bli ca. ¼ av ei normal bane.

2.

Måla som blir brukt er 2x5 meter.

§2 - Spelarane

1.

Kvart lag må minimum bestå av 8 spelarar, maksimum 12 spelarar. Det kan søkast dispensasjon til å få nytta fleire spelarar.

2.

Maks 6 spelarar på bana (samstundes) frå kvart lag, medrekna keeper. Innbyte kan skje fritt.

3.

Fullstendig lagoppstiling og andre opplysningar skal leverast seinast 7. november 2014.

4.

Ein kan ikkje spele for fleire lag under turneringa, ei heller om opprinneleg lag vert utslegne i gruppespelet.

§3 – Begrensingar – ”lisensspelarar”

1.

Spelarar må vere fyllt eller fylle 16 år inneverande år for å delta, inga begrensning i høve øvre aldersgrense. 16-årsregelen er stramma inn i høve tidlegare og det vil kun i ytterst spesielle tilfelle kunne bli gitt dispensasjon

2.

Herrespelarar i aldersgruppa 16-34 år, frå og med 3. divisjon og oppover i divisjonssystemet vert rekna for ”lisensspelarar” sjølv om dei ikkje har spelt ein einaste obligatorisk kamp (seriekamp) inneverande år.

Damespelarar i aldersgruppa 16-34 år, som har spelt obligatorisk kamp (seriekamp) i 2. divisjon eller høgare inneverande sesong, vert rekna som "lisensspelar".

Spelarar (herre og dame) frå det året dei fyller 35 år og oppover kan delta fritt, uansett nivå dei spelar på.

3.

For aktive herrespelarar i 4. divisjon vert ein spelar som har starta meir enn 1 obligatorisk kamp (seriekampar) rekna som ”lisensspelar”.

4.

Aktive herrespelarar frå og med 5. divisjon og nedover, og damespelarar frå og med 3. divisjon og nedover vert ikkje rekna som ”lisensspelarar”.

5.

Det kan maksimalt vera 2 ”lisensspelarar” i kvar tropp/lag.

6.

Det kan berre vere ein ”lisensspelar” på bana per lag til ei kvar tid.

§4 - Generelle reglar

1.

Kamptid 1x13 minuttar.

2.

Alle lag pliktar å stille seinast 5 minuttar før oppsett kamptid. Dersom eit lag ikkje møter til kampstart vert motstandarlaget tildelt seier 3-0, og 3 poeng.

3.

Er det uavgjort i sluttspelet etter full tid, vil det verte sudden death. Det skal då spelast 3 mot 3 inklusiv keeper i 2,5 minutt og deretter 2 mot 2 inklusiv keeper i 2,5 minutt. Viss ikkje mål etter 5 minutt vert det avgjort på straffe, ein og ein. Det er ikkje lov med spelarbyte i sudden death.

4.

Innkast og corner vil bli som normalt. Offside eksisterer ikkje

5.

Straffespark vil bli teke frå grenselinja til straffefeltet dvs. so langt ut so keeper kan ta ballen med hendene.

6.

Det vil bli ein domar per kamp. Ver snill mot domaren!

7.

Sklitakling er ikkje lov og vert ansett som ein forseelse som gir frispark i mot. Det er lov med såkalla hockeyblokkering, men det inneber ein viss avstand til spelar. Keeper kan sklitakle innanfor målområdet sitt.

8.

Gult kort: Utvising i 3 minuttar. Spelaren som får gult kort har høve til å koma inn att så snart straffa er sona. Det er ikkje høve til å setja inn ein annan spelar for den som vert utvist. Laget må spela med ein mann mindre i 3 minuttar.

9.

Raudt kort: Spelaren vert utvist for resten av kampen. Laget har ikkje høve til å setja inn ny spelar. Den utviste spelaren kan spele neste kamp med mindre sekreteriat/dommar meiner forseelsen er av særs grov karakter

10.

Ved dødball har keeper ikkje lov å kaste ballen over midtlina. Brot på dette vert straffa med indirekte frispark til motstandar på midtlina.

§5 - Sluttspel

1.

Om to lag står likt etter dei innleiande kampane, blir plasseringa avgjort slik:
A.  Målforskjell
B.  Flest scora maol
C.  Innbyrdes oppgjer
D.  Loddtrekning  av  Jan Rune Årøy eller ein anna adekvat loddtrekkarperson.

2.

8-delsfinalane vil gå etter oppsettet, men dersom det viser seg at lag frå same innleiande pulje (kan bli tilfelle dersom tredje beste lag går vidare) skulle møtast i 16. delsfinalen vert det rokkeringar. Ikkje spesielt artig å møta same lag som i gruppespelet.

§6 - Utstyr

1.

Eige ansvar, men ser helst at deltakarane brukar leggbeskyttarar, då mykje står på spel, og ambulansen ekje alltid so god å få fat i. Fjøra låner ut vestar til dei som ikkje har høve til å stilla med eigne drakter.

§7 - Skadar

1.

Fjøra fråskriv seg alt ansvar ved personskade, men stiller med det mest naudsynte utstyret for førebyggjing av skade, is og tape.

§8 - Protest

1.

Protest kan leverast munnleg til sekreteriater seinast 5 minutt etter kampslutt.