Statistikk: Fjøra FK - Sandane T&IL
Forfatter: Jan Fuglesteg
17. august 2012
I kveld tek Fjøra imot Sandane på Sogndal stadion. Det har dei gjort ein del gonger tidlegare og det er soleis to lag som kjenner kvarandre godt.
Me har sett litt på statistikken desse laga i mellom. Og me konsentrerer oss sjølvsagt om møta i serien heime i Sogndal. Fjøra rykka opp til 4. divisjon (tilsvarte 3. divisjon fram til 2010) i 1983 og gjorde sine saker strålande i sin første esong i 4. divisjon. STIL var ein av motstandarane i 1984 og Fjøra møtte dei første gong 11. juni 1984 heime i Sogndal. Den kampen enda med storsiger til Fjøra, heile 5-1 vann fjørene etter å ha feia STIL av bana i 1. omgang. Jomar Haukås scora 3 av måla til Fjøra, medan STIL-legenda Bjørn Atle Skaaden scora trøystemålet til STIL. Returoppgjeret på Idrettsplassen enda uavgjort 1-1.
Før kveldens kamp har Fjøra møtt STIL 20 gonger i serien heime i Sogndal. Statistikken viser klar fordel Fjøra som har vunne 14 av desse kampane. To kampar har enda med poengdeling, medan STIL har vunne dei resterande 4 kampane. Fjøra har scora 64 mål, STIL 26.
Dei siste 10 innbyrdes oppgjera i Sogndal (seriekampar) er:
2010: Fjøra - STIL 8-0
2006: Fjøra - STIL 5-1
2005: Fjøra - STIL 4-1
2004: Fjøra - STIL 2-0
2003: Fjøra - STIL 7-2
2002: Fjøra - STIL 3-1
2001: Fjøra - STIL 3-1
1999: Fjøra - STIL 3-0
1998: Fjøra - STIL 4-3
1997: Fjøra - STIL 1-3
Som de ser av lista over så står no Fjøra bokført med heile 9 sigrar mot STIL på rappen heime i Sogndal. Me lyt attende til 1997 for å finna sist gong blåtrøyene tok med seg alle poenga heimn til nordfylket. Den gong var det Per Bent Aske som scora alle måla til STIL, men det var Rune Bolseth som var den store spelaren på STIL si midtbane. Største Fjørasiger heime i Sogndal kom i 2010, medan STIL sin største bortesiger kom i nevnte kamp i 1997.
Fjøra er for tida inne i ein god periode og har følgjande resultat siste 5 kampar:
Veitastrond - Fjøra 0-3
Fjøra - Jølster 5-1
Lærdal - Fjøra 2-5
Fjøra - Balestrand 9-1
Dale - Fjøra 0-3
Fjøra ligg på 2.plass på tabellen 5 poeng bak Sogndal II som susar mot opprykk til 3. divisjon.
Kveldens motstandar, Sandane, ligg på 4. plass før denne kampen med 28 poeng, a poeng med Skavøypoll, men med dårlegare målskilnad. Dette er 5 poeng bak Fjøra. Tabellposisjonen er som forventa. STIL er eit betre heime- enn bortelag. På bortebane har dei 3-2-2 og 18-19 i målskilnad. Blåtrøyene scorar godt med mål, men dei slepp også inn ein del mål. STIL har sålangt i år hatt dårleg poengfangst i Sogndal kommene for begge tapa på bortebane har kome mot Sogndal II i opningsrunden samt mot Kaupanger, begge tapa har vore klare. Uavgjort mot Jølster og Dale.
Jølster sine siste fem kampar er:
STIL - Balestrand 7-0
Dale - STIL 2-2
STIL - Sogndal II 3-3
STIL - Skavøypoll 1-1
Førde II - STIL 0-2
Sandane kjem frå ein komfortabel 7-0 siger heime mot Balestrand som har hatt det tøft i haust. Før denne kampen så har STIL 3 uavgjorte kampar på rad, rett nok mot god motstand. STIL har eit godt lag og er kanskje spesielt gode offensivt. STIL har hatt ein del storsigrar og dei har også skapt mange sjansar. Med litt større effektivitet hadde dei hatt fleire poeng.
Sandane stilte med følgjande mannskap i storsigeren over Balestrand i ein 4-4-1-1 formasjon (ifølgje frirda.no):
Simon Gimmestad - Torgeir Apalset, Ingar Sårheim, Håkon Schjølberg, Martin Sivertsen - Erlend Ødven Laurhammer, Andreas Bjørkum Vereide, Aaron Nyemah, Mads Wie - Romeo Juty Johnny - Ruben Wie
Me tippar at det kjem ein prematch på Sandane si side i løpet av dagen.
Me ynskjer gjestane frå Gloppen hjartleg velkomne til bygda og kamp!
Kampen går på Sogndal stadion med avspark kl 19:00. Ta turen oppom stadion. Me kjem ikkje til å overføra kampen live på fjora.no. For dei som ikkje har høve til å ta turen oppom så kjem truleg kampen til å bli overført live på STIL si heimeside, alternativt kan firdaliven vera eit alternativ.