Fjøra - Førde2 3-0
Forfatter: Fjøra FK
28. mars 2015
Grei seier for Fjøra i dagens treningskamp
Fjøra vann greitt 3-0 mot Førde 2 laurdag og laget hadde full kontroll på førdianarane frå start til mål. Fjøra valgte å spare ein del spelarar som har spelt mykje i det siste, men stillte likevel eit solid mannskap og slapp ikkje Førde 2 mykje til. Olve Øvstetun og Anders Stadheim stillte begge velvillig opp då dei vart spurt om ein liten gjestevisitt i Fjøradrakta.
Fjøra sitt første mål var eit sjølvmål etter flott forarbeid av Victor, mens det andre kom litt etter pause då Wigum heada ein god corner frå Olve i mål. Kvarteret før slutt var det Erik Loftesnes som spelte fri Sindre Rørvik som banka ballen i lengste hjørnet til 3-0
Ein kamp der Fjøra har ballen mykje og framstår som solide defensivt. Me registrerte ikkje dei store sjansane til Førde 2 og det var vel kun eit frispark og eit langskot som Horvei i Fjøramålet måtte strekka seg litt på. Offensivt var det litt opp og ned, fleire fine angrep med dobling på kant og vending av spel men også litt slurv og unøyaktighet som gjer at me ikkje kjem til så mange sjansar som me ønsker. Men alt i alt ein kamp der Fjøra har stålkontroll og vinn fullt fortjent 3-0. Det er kjekt å ta med seg når gjengen samlast til sosialkveld og landskamp Kroatia-Norge seinare i dag
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 28.03 kl 12:00
Arena: Campus
Turnering: Treningskamp
Dommar: Inge Seglem
Fjøra – Førde 2 3-0 (1-0)
1-0 8 min Sjølvmål (Victor Aguiar)
2-0 53 min Gøran Wigum (Olve Øvstetun)
3-0 75 min Sindre Rørvik (Erik Loftesnes)
Gult kort: Olve Øvstetun
Fjøra (4-3-3):
Andreas Horvei
--------------------
Erik Fossnes
Per Eirik Lunde (Torbjørn Y frå 75.)
Knut Ripe
Sindre Sanden
--------------------
Olve Øvstetun
Gøran Wigum (Elias Saltnes fra 63.)
Anders Stadheim
--------------------
Sindre Rørvik
Arild Underdal (Erik Loftesnes frå 67.)
Victor Aguiar