Vinnarar reisegavekort
Forfatter: Fjøra FK
22. august 2015
Under kampen på fredag vart det trekt ut tre reisegavekort
Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner frå Travelnet Sogn og Fjordane. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.
Vinnarane for januar, februar og mars vart trekte under kampen mot Tornado Måløy, og dei heldige vinnarane vart Roy Wiborg, Drude Buene Hagen og Jan Rune Årøy, me gratulerer!
Januar Roy Wiborg
Februar Drude Buene Hagen
Mars Jan Rune Årøy
April
Mai
Juni
Juli
August
September
Oktober
November
Desember