[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vinnarar reisegavekort

Forfatter: Fjøra FK

06. september 2015

Fotball
News article image

Vinnarane for april, mai og juni er trekte

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner frå Travelnet Sogn og Fjordane. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.

Vinnarane for april, mai og juni vart trekte under kampen mot Kaupanger, og dei heldige vinnarane vart Jan Arild Jakobsen, Malin Fimreite og Joar Solberg Trafikkskule, me gratulerer!

 

Januar               Roy Wiborg                       

Februar             Drude Buene Hagen

Mars                 Jan Rune Årøy

April                  Jan Arild Jakobsen                     

Mai                   Malin Fimreite

Juni                  Joar Solberg Trafikkskule    

Juli                   

August                     

September                

Oktober                    

November        

Desember