[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Cupkamp mot Årdal FK

Forfatter: Fjøra FK

14. mars 2013

Fotball
News article image

Kvalifiseringa til NM begynnar for Fjøra sin del med bortekamp mot Årdal FK på fredag.

Det er duka for årets første kamp med resultatmessig betydning. Fjøra skal til Årdal og kjempa mot Årdal FK  om mulegheiten til fortsatt å kunne bli årets cupmeister. Det skal dog nevnast at den som vinn kampen fortsatt har ein veg å gå for å oppnå dette.

Me spår ein tøff kamp mot eit solid lag, og det vert spennande å sjå om me har kvalitet nok til å utfordre gutta frå aluminiumsbygda. Forrige kamp mot samme lag var ein merkeleg kamp for å sei det mildt, og enda til slutt med 3-6 tap. Me leda 3-0 før Årdal putta seks på rad. Forhåpentlegvis lærte spelarane (og trenarane...) noko av kampen, om ikkje anna enn at me møter eit godt lag som ikkje gir opp, og som driv med sitt til det er spelt 90 minutt pluss.

Fjøra reiser inn for å spela "vårt" spel og så får me sjå kor langt det rekk denne gangen. Me håpar og trur me har blitt litt bedre sidan sist møte, men på den andre sida så har nok Årdal også blitt det.

Ståa i laget er i bedring når det gjeld fravær og me reiser inn med ein bra tropp. Målet er at me set spelet og at Årdal må ta litt hensyn til det me driv med. Me reiser i alle fall inn med positiv innstilling og håpar på ein god oppleving.

Fjøra startar med følgande lag i morgondagens kamp: Håvard B - Jørn, Vegard, Torbjørn, Kristian - Håvard L, Ola, Øystein, Mats - Arild - Ørjan.

Innbyttere: Per Eirik, Kenneth, Eilert og Roger.