[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings hörna Fjøra-Skavøypollen

Forfatter: Fjøra FK

08. september 2013

Fotball
News article image

Fylling er tilbake med børshjørnet!

Børs Fjøra FK- Skavøypollen (1-0), 07.09.2013     

Fyllings hörna tilbake etter ei vekes fravær. Det bør bemerkast at børsen er skrevet med eit snev av hjernerystelse, så om nokre av setningane er litt rarare formulert enn vanleg er dette grunnen!

XI:

Bjarte Hovland – 6

Alltid spennande når Bjarte spelar. I dag var beholdningen nokre taklingar utanfor eigen 16 og ein finfin brytning med påfølgande kortpasning til nærmaste stoppar, altso Bjarte på det jamne med andre ord! Sjuk redning litt uti 2. omgang sjølv om det var offside.

Håvard Lilletvedt (65 min) – 5/6

Voldsomt involvert i starten, men datt litt vekk utover i 1. omgang. Lykkas ikkje med alt, men involverer seg mykje i spelet. Flytta opp som kant i 2. omgang.og kjem til ein bra sjanse. Pluss for mange fine innspel på benken!

Torbjørn Ylvisåker – 6

Åpna meget rufsete, men spelar som ein god gammal dieselmotor resten av kampen. Stod for kampens øyeblikk der han, som ein kombinasjon av Xavi og Carrick, tok med seg ballen og løfta den nydeleg over Poljenforsvaret og rett på lissa til Ørjan. Denne pasningen kuliminerte altså med kampens einaste scoring. Så Tobbe; alle gongane eg har kritisert deg for pasningsfoten her, ALT er tilgitt!

Vegard «Walter White» Fardal – 6

Fjøra’s svar på Ledley King var som vanleg unplayable i lufta og solid defensivt. Kan leika seg litt meir framover, men med 85-årsdag samme dag i tankane, var det kanskje ikkje heilt dagen. Blir spennande og sjå kva denne karen finn på iløpet av kvelden!

P.E.L (76 min) – 5/6

Gir alltid alt, noko som er ein fantastisk eigenskap. Tek seg fint av det meste og matar på i duellspelet. Flytta ut som back i 2. omgang, men klarer seg greitt der óg. Kjempepluss for at han tofotstaklar reklameskiltet og viser det kvar skapet skal stå i 1. omgang.

Roger Hjellhaug – 6

God kamp av Roger’n i dag. Gode initiativ, roleg med ball og nokre meget gode innlegg. Må fortsetta slik! Går litt tom på slutten, men godt nøgd når han fekk i seg ei banan midt i kampen.

Olve «Tjovald» Øvstetun - 6

Lite og seie på innsatsen som vanleg, og som regel trygg og god med ball. Får mange frispark med seg i trange posisjonar. Noget upresis i langpasningane saman med makker Høvik. Litt fø kvasse med deg kanskje?!

Knut Høvik – 6

Meeeget stor radius og dekker store rom! Viktig mann og ha på midten. Vinn nesten alt av hoveduellar i dag, men kan bli litt meir nøyaktig siste tredjedel for her har han eit udiskutabelt stort potensial i form av mål/assist.

Daniel Fylling (45 min)  – 5/6

Må gi seg etter ein omgang i dag, ein litt rotete omgang av både Fylling og Fjøra. Jobbar og duellerer bra langs bakken, men fekk nok litt lite rom i den noko uvante formasjonen me spelte i denne omgangen.

Anders Hjeltnes – 5/6.

Blir pakka godt inn saman med spissmakker Underdal i 1. omgang, men har likevel ein del gode involveringar. Eit konstant uromoment når han blir flytta ut på kanten og burde vel strengt tatt hatt minst ein assist i dag!         

Arild Underdal (65 min) – 5/6

God feilvendt, men manglar litt på siste pasningen. Ikkje mykje rom og hente i 1. omgang, men skaffar bl.a. to frispark i farleg posisjon og brenn ein god sjanse. Flytta ned i mellomrommet i 2.omgang og gjer ein god jobb der.

Innbyttarar:

Jan Tore «Michu» Slinde (46. min) – 5/6

Gjer mykje bra med ballen dei gongane han er involvert. Ikkje så mange sjansar, men flink til og spele andre gode.

Ørjan Hjellhaug (65. min.) – 5/6

Litt varierande med ball, men så spring han igjennom og set den vanvittig viktige scoringen som avgjer heile kampen!

Ole Morten Kvam (65. min.) – 5/6

Dagens mest rutinerte handling då han pådreg seg gult kort på slutten. Godt og sjå at dei gamle fortsatt er eldst! Viser at langpasningsfoten ikkje er heilt klar for og leggast på hylla enda.

Stian Solberg (76.min) – 5

Superivrig framover det kvarteret han får. Ville tydleg score fleire mål då han befant seg heilt på offsidelinja sjølv etter 1-0 skoringen!

Pauseunderhaldning:

Brødrene Solberg x 3 stod for dagens pauseunderhaldning. Det vart ikkje meldt om nokon spesiell jubel eller buing fra publikum så mi gir da ein safe - 5