[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra med ny siger

Forfatter: Jan Fuglesteg

04. august 2012

Fotball
News article image

Jølster scora først, men når kampen vart blesen av etter vel 90 minuttar hadde Fjøra snudd kampen og det stod 5-1 til vertane.

   
Me har fått følgjande kommentar til gårsfagens kamp mot Jølster:

" Ein kamp der me synte bra stigning kampen gjennom. Starta noko svakt, og fekk 0-1 imot etter ei god Jølster-kontring. Etter dette styrte me spelet, men noko upresise og seine med ball. Utlikninga kom etter 20 minutt, men det tok tid før me gjekk i leiing, frå 65 minutt og kampen ut opna det seg meir, og Jølster gav oss etterkvart meir rom. Spelarane skal ha stor ros for tolmodigheit og at me spelte fotball kampen igjennom. Det gav oss til slutt ein komfertabel siger og eit godt resultat. Jølster spelte med alle mann på eigen halvdel, med von om kontringar. Dei skåra på ei kontring, og hadde i tillegg eit par gode forsøk. Ellers har me full kontroll deffansivt.

Totalt sett leverar me ein ok kamp, vinn klart mot eit bra lag.

Med 6 poeng og målskilnad på 10-3 på 2 kampar denne veka, vert dette ei usedvanleg god helg!

Stiller oss i køen av gratulantar til småjentene i SIL, lukke til i finalen. De er vinnarar!!!!!!!!! "

Me sjølvsagt strålande nøgde med nye tre poeng. Neste kamp for Fjøra er førstkomande fredag då dei tek turen inn til Veitastrond.


KAMPFAKTA

Fjøra FK - Jølster IL  5-1 (1-1)

Mål
0-1, Trond Vegard Ripe, 6 min
1-1, Arild Lunde Underdal, 21 min
2-1, Ørjan Hjellhaug, 62 min
3-1, Arild Lunde Underdal, 68 min
4-1, Daniel Fylling, 84 min
5-1, Daniel Fylling, 90 min

Gule kort
Roger Hjellhaug, Fjøra. Bård Sandnes og Gestur Gylfason, Jølster.

Domartrio
Kaj-Inge Fløde, Stadlandet IL. Assistentar: Vegard Yndestad, Florø SK og Sureskumar Kathiravel, Eid IL

Tilskodarar
Ca. 30 stk

Fjøra (4-4-1-1): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug - Ola Egge Ødegaard, Daniel Fylling, Ørjan Hjellhaug, Johan Elverum Salveson (Stian Anhanger Solberg frå 67. min) - Mats Nondal (Per Eirik Lunde frå 74. min) - Arild Lunde Underdal

Jølster (4-4-2): Almar Eli Færseth - Jon Alte Heggheim, Gestur Gylfason, Ole Martin Bolset, Knut Øystein Ripe - Kåre Åmot, Oddne Årdal, Bård Sandnes (Nils Arne Dvergsdal frå 75. min), Kristian Helle - Sondre Årdal og Trond Vegard Ripe