[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

- Må prioritere hardt arbeid

Forfatter: Jan Fuglesteg

09. august 2012

Fotball
News article image

Viktig kamp for Fjøra mot Veitastrond i morgon og i det høve har me fått trenar Kjell Ertesvåg sin kommentar til kampen.

" Då er det duka for Veitastrond på Leikvoll. Ein kamp som me har sett fram til i heile år. At Veitastrond år etter år stiller seniorlag er sterkt, og når dei attpåtil er blant dei 15 beste laga i fylket,  er det rett og slett imponerande.

Me møter eit heiltent Veitastrond-lag, som meir enn gjerne vil slå Fjøra FK.  Bana på Strondi er lita, og noko ujamn(?), dette gjer at me må prioritere hardt arbeid, duellar og god organisering endå hardare enn normalt. Når me i tillegg møter eit hardtarbeidande lag vert dette ein tøff utfordring. I våre 2 foregåande kampar har me hatt startvanskar, men komme sterkt utover i kampane. I denne kampen MÅ me vere med på frå start, ellers kan me komme bakpå.

Litt ekstra dette oppgjeret, då det kryr av fleire tidlegare Fjøraspelarar på Veitastrond.Trur nok dei ofrar alt i dette oppgjeret.

Me har fått øvd godt på AG (Annstein ground) denne veka, og er 100% klar til turen inn på Strondi. Det vert meldt om sal av grillmat, kaffi osv under kampen. Berre det bør lokke mange svoltne innover. Me gledar oss! "