[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Fjøra - Tornado Måløy

Forfatter: Fjøra FK

20. august 2015

Fotball
News article image

Toppkamp 4.divisjon fredag kl 1900, Campus!

Foto: Stig Høynes

Etter å ha møtt relativt svak motstand dei to første kampane i haust står Fjøra overfor atskillig tøffare motstand no framover. Om ei veke møter me formlaget Høyang på Sletta før det er lokaloppgjer mot Kaupanger helga etter. Men aller først ut er lag nummer to på tabellen, Tornado Måløy, som kjem på besøk til Fosshaugane Campus i morgon. Tornado har gått på eit par leie smellar og er no saman med Førde 2 sju poeng bak Fjøra på tabellen. Måløyværingane vil nok derfor gå hardt ut mot Fjøra og gjera det dei kan for å redusera denne luka til kun fire poeng. Kampen mot Fjøra er forøvrig siste kamp for storscorar Endre Kupen, som resten av sesongen vil gå på lån til Florø i andre divisjon.

Me har hatt gode treningar med mykje folk siste veka og føler me er godt førebudde til det me trur vert ein tett og underholdande kamp akkurat slik bortekampen i vår var det. Den kampen endte til slutt 3-3 etter at Fjøra låg under 2-0 til pause og fekk Wigum noko tvilsamt utvist like etter pause. Steffen Olsen og to mål av Sindre Rørvik redda eitt poeng den gangen, og sidan den gangen er det kun Skavøypollen og Førde 2 som har teke poeng fra Fjøra. Fjøra er i godt slag om dagen og dei nye spelarane har allereie sklidd fint inn i spelargruppa og vil forhåpentlegvis bidra til at alle poenga vert verande att i Sogndal. Me håpar flest muleg vil møta opp på Campus fredag kl 19 for å sjå denne godbiten av ein fotballkamp, vel møtt!

I pausen på kampen vert det også trekning av tre reisegavekort så for dei som har kjøpt sponsorkontrakt vil kanskje pausen verte like spennande som sjølve kampen. Tvi tvi!