Godt nyttår frå Fjøra Fotballklubb!
Forfatter: Fjøra FK
03. januar 2021
Det vart ikkje nokon obligatoriske kampar på oss i 2020, men me håpar og trur at det blir meir aktivitet i året som kjem
Nytt år nye moglegheiter seier dei og sjeldan har vel dette passa bedre enn etter heile 2020-sesongen vart avblåst. Mange var oppgitt over at me ikkje fekk spela fotballkampar i 2020 men me er trass alt heldige som bur i det landet me gjer og har gode støtteordningar både innanfor idrett/kultur og i samfunnet ellers. 2020 har nok lært oss å setja meir pris på mykje me tidlegare har teke for gitt.
Me har nytt trenarteam i 2021 der Håvard Øygarden er sjef og har med seg Aleksander Belland Eriksen og Henrik Furebotn som assistentar og Leif Lysne som keepertrenar. Eit team me har fått veldig gode tilbakemeldingar på etter det vart annonsert. Knut Idar Kristoffersen er sportsleg leiar og matris og har fått med seg Alexander Flatane som assistentmatris. Per Barsnes er framleis stødig oppmann.
Styret vårt er det same som tidlegare med Tom Wolff Navarsete som går på sitt trettande år som leiar, Kåre Selseng nestleiar og Ida Loftesnes Kvåle, Rut Loftesnes og Malin Kristoffersen som styremedlemer. Torbjørn Ylvisåker har ansvar for budsjett, økonomi og sponsorar og i tillegg har me mange andre medhjelparar i for eksempel Jan Arild Jakobsen, Dag Martin Fardal, Bent Sjøthun for å nemna nokon.
Me har planlagt nokre treningskampar i februar/mars men om dette blir noko av er veldig usikkert akkurat no. Me kan drøyma om kampar i februar medan me kanskje kan håpa på noko utover i mars. Likevel er me heldige då tredjedivisjon og opp får lov å trena med kontakt.
05.02 Fjøra - Kaupanger
13.02 Fjøra - Eid
21.02 Fjøra - Florø
06.03 Sotra - Fjøra
29.03 Volda - Fjøra (på Eid)
Spelarstallen vår er framleis solid. Erlend Grov og Stian Barane har reist medan nokre nye fjes er komne inn. Steffen Olsen er langtidsskada medan Pål Gundegjerde er indisponibel på våren grunna studiar. Thomas Ness er i tenkeboksen med ein litt kranglete kropp og det har vore dialog med andre lokale klubbar om eit par utlånsavtalar.
Me gler oss til 2021 og den som ventar på noko godt ventar jo sjeldan forgjeves
Godt nytt år frå alle oss i Fjøra Fotballklubb!