Tornado/Måløy - Fjøra 3-3
Forfatter: Fjøra FK
01. mai 2015
God lagmoral med ti mann sikra Fjøra eit poeng
Foto: Stig Høynes (arkiv)
Fjøra låg under 0-2 og fekk Wigum utvist på stillinga 1-2 i andre omgang men viste enorm lagmoral og kom tilbake og berga 3-3 borte mot opprykksjagande Tornado/Måløy.
Kampen åpna litt nervøst av begge lag og det var tydeleg at begge lag hadde tatt hensyn til motstandaren. For Fjøra sin del var Sindre Sanden uheldig og fekk ein skade i ankelen alt etter fire minutt, men Fossnes kom inn og erstatta Sindre på ein utmerka måte. Fjøraforsvaret sleit i periodar med raske Endre Kupen og det var Kupen som med god hjelp av Fjøraforsvaret sette inn 1-0 etter 19 minutt. Relativt jamt etter dette men rett før pause gjer Kupen forarbeidet og Evensen heada inn 2-0 etter litt slapp markering i Fjøraboksen.
Kva no Fjøra? Mange tidlegare Fjøralag ville gått i garderoben og følt dette var håplaust, men Fjøra ville visa at dei iallfall skulle gjera eit skikkeleg forsøk på å snu dette og gjekk ut i knallhøgt press i andreomgang. Etter 59 minutt fekk Fjøra utteljing, då Steffen breidsida eit flott innlegg frå Håvard i mål. 2-1 og ny spenning. Ikkje lenge etter prøver Wigum å sabotere ein Tornadokontring og lagar frispark på Tornado sin halvdel. Dommaren vel å gi Wigum det raude til store protestar i Fjøraleiren, og også fleire motspelarar syns kanskje dette var i hardaste laget. Dette tente Fjøra endå meir og berre tre minutt seinare er Rørvik på farten og åpna scoringskontoen og 2-2.
Åtte minutt seinare gjer Per Eirik ein god jobb og bryt framfor ein Tornadospelar. Tornado får på uforståeleg vis frispark i denne situasjonen, eit frispark som Evensen klinkar i stolpe inn. Me er kanskje litt subjektive, men meiner det raude kortet er litt tvilsomt mens frisparket er fullstendig feil. Likevel, ein ellers god dommar gjorde kanskje eit par feil, men det gjorde Fjøra og, så ikkje noko å dvela for lenge over. Det syns iallfall ikkje Sindre Rørvik som berre tre minutt seinare utlikna til 3-3 etter ein flott Fjørakontring regissert av Anders Hjeltnes. Etter dette bølgar det veldig fram og tilbake og det er faktisk Fjøra som er nærmast seieren, sjølv om Tornado har ein eventyrleg dobbelsjanse på slutten som Staff avvergar mesterleg.
Solid lagmoral og slik kampen utvikla seg skal Fjøra vera fornøgde med det eine poenget, som dei utfra spel og sjansar absolutt fortjente. Kjekt at Sindre Rørvik fekk sine første scoringar i Fjøradrakta, og han viste at han blir ein viktig spelar framover. Midtbana til Fjøra skal også ha skryt, dei sprang for ein mann meir etter me vart ti mann og bidrog sterkt til å hanka inn det eine poenget. Artig kamp både for spelarar og tilskodarar, dramatikk og mykje som skjer heile vegen. Sjølv om me er litt uenige i eit par avgjerande situasjonar var det ein god tone mellom dommar og begge lag heile kampen igjennom. Me takkar alle involverte for kampen og ønsker lykke til vidare. Neste kamp for Fjøra er førstkomande fredag heime mot Høyang.
Ikkje gløym og klikk deg inn på haugenfotball.no for bilder og video frå kampen.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 01.05 kl 19:00
Arena: Måløy Stadion
Turnering: Seriekamp
Dommar: Magne Helge Brattelid
Tornado/Måløy – Fjøra 3-3 (2-0)
1-0 19 min Endre Kupen
2-0 45 min Thor Aage Evensen
2-1 59 min Steffen Olsen (Håvard Lilletvedt)
2-2 69 min Sindre Rørvik (Håvard Lilletvedt)
3-2 77 min Thor Aage Evensen
3-3 80 min Sindre Rørvik (Anders Hjeltnes)
Gult kort: Ingen Rødt kort: Gøran Wigum (66 min)
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff
--------------------
Sindre Sanden (Erik Fossnes fra 4.)
Per Eirik Lunde
Torbjørn Ylvisåker
Knut Ripe
--------------------
Gøran Wigum
Ole Morten Kvam (Arild Underdal fra 75.)
Steffen Olsen
--------------------
Anders Hjeltnes
Sindre Rørvik
Håvard Lilletvedt