Årsfesten vert 26. november
Forfatter: Jan Fuglesteg
05. november 2011
Sjølv om det vart nedrykk til 4. divisjon inneverande sesong så skal den markerast med ein årsfest.
Dato for festen er sett til laurdag 26. november og den vert halden på Quality Sogndal Hotel etter godt gamalt mønster.
Årsfestar er viktige greier. På mange måtar er det som ein sosial årsmelding. Det markerer slutten på ein sesong og det markerer at klubben er i live og har eksistert eitt år sidan førre gong. Det er jo eit vesentleg poeng om det no er snakk om ein fotballklubb eller ei verksemd for den del.
Tradisjonen tru så vert det servert julemat. Ikkje for mykje, ikkje for lite, men (for alle unnateke ein :-) akkurat passeleg slik at ein får plass til ei murarpils eller to også. Det kjem til å bli premieutdelingar i diverse kategoriar, det vert mange godord, nett slik som det skal vera på festar. Og det vert blomster. Masse blomster.
I år verserer det ingen rykte i høve underhaldninga. Men me håpar jo på at Kåre Selseng har noki gode historiar (eventuelt nokre sære tevlingar som kanskje har TV-potensiale) på lager og at Torbjørn Ylvisåker leverer eit grensesprengande humoristisk innslag mellom hovudretten og "disserten".
Trehestabakken, også kalla Muztagh Tower, er som vanleg etter feiring ut i dei små nattetimar - vanskeleg, men ikkje umogeleg å bestige :-). Ditta vert stas!