Kaupanger - Fjøra 3-2
Forfatter: Fjøra FK
04. april 2014
Svak kamp av Fjøra og tap i generalprøva
Fjøra kom veldig dårleg i gang og slapp duoen Rebni/Rørvik altfor lett til ved fleire anledningar i starten av kampen. Heldigvis enda det utan baklengs og etter kvart tok Fjøra over initiativet i kampen. Etter 11 minutt spelte me oss fint framover på høgresida og til slutt la Håvard eit flott innlegg som Kenneth styrte i mål. Fem minuttar seinare fekk Steffen Olsen fortjent sitt første Fjøramål etter innlegg frå Olve og dermed 2-0 leiing. Nokre minutt seinare slo Rebni eit innlegg mot Rørvik som stod heilt åleine i boksen og 1-2. Resultatet stod seg til pause i ein omgang som var ganske jamn totalt sett.
Etter pause var det eit veldig tafatt Fjøralag som mangla fullstendig glød og engasjement og det var tydeleg at det var kaupingane som ville mest. Me fekk ikkje til noko eige spel og aggressiviteten var ikkje der den bør vera. Sløvt defensivt arbeid gav også Kaupanger både utlikning ved Doksæther og sigeren 3-2 ved Sindre Rørvik.
Alt i alt ein rotete fotballkamp med lite finspel og begge lag bør heva seg mykje til neste helgs serieåpning. Kaupanger var mest på hogget i dagens kamp og ville mest og derfor er det lite å sei på at dei til slutt vann kampen. Begge lag hadde feite sjansar til å putta fleire mål, ofte kom dei etter slurv på eigen halvdel.
Liten nedtur i generalprøva for vår del men forhåpentlegvis slår det positivt ut inn mot seriestart mot Vik. Etter mange gode kampar i det siste ser me kva som skjer når me slepper oss litt nedpå. Me takkar Kaupanger og dommar Johnny Skjerven for kampen og ønsker lykke til i årets sesong
Bonus:
3 – Knut Ola Høvik
2 – Kenneth Nondal
1 – Håvard Lilletvedt
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 04.04 kl 18:00
Arena: Kaupanger kunstgras
Turnering: Treningskamp
Dommar: Johnny Skjerven
Kaupanger - Fjøra 3-2 (1-2)
0-1 11 min Kenneth Nondal (Håvard Lilletvedt)
0-2 17 min Steffen Olsen (Olve Øvstetun)
1-2 24 min Sindre Rørvik
2-2 62 min Mads Doksæther
3-2 83 min Sindre Rørvik
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Karlis Bremers (Kees Erstad fra 67.), Knut Ripe, Sindre Sanden, Mathias Nese- Håvard Lilletvedt, Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes (Fredrik Tangen fra 80.), Steffen Olsen (Arild Underdal fra 80.), Kenneth Nondal (Victor Aguiar fra 75.)