Fjøra attende på vinnarsporet
Forfatter: Jan Fuglesteg
27. mai 2012
Fjøra kom attende på vinnarsporet då dei slo IL Høyang 1-0 på Sletta fredagskvelden etter at Magnus Hunemo vart matchvinnar. Sjølv om kampen kansje ikkje var den aller beste så var det viktig for Fjøra å makta å snu trenden og innkassere tre poeng.
Trenar Kjell Ertesvåg oppsummerer kampen slik:
" Etter 2 svake kampar med dårleg poengfangst, var det viktig med 3 poeng mot Høyang. Kampen var aldri nokon god spelemessig kamp, til det var bana for ujamn, og vinden for sterk. Berre i enkelte tilfelle fekk me til godt angrepsspel. Då sette me Høyang under press med ein gong. Skåringa kom midtvegs i 2. omgang, då Magnus fyrer laust frå 20 meter, ballen går via ein Høyangspelar og i mål.
Etter dette trykker Høyang på for utlikning, men kjem aldri i nærleiken av ein skikkeleg målsjanse. Hadde me våga litt meir i denne perioden, så kunne me fort skapt store sjansar då det var stort bakrom å boltre seg i.
Deffansivt gjer me atter ein god kamp, og held 0`en for fjerde gong på seks kampar, det er sterkt.
Me tek 3 poeng på bortebane, og laget syner ein svært god moral og innstilling, spesielt i 2. omgang og mot slutten då det er mange slitne spelarar. "
Med denne sigeren har Fjøra fortsatt heng på Sogndal II som tronar åleine på topp med ein kamp mindre spelt. Neste kamp for Fjøra er måndag 4. juni kl 19:00. Då er det Førde II som kjem på besøk til Sogndal.
KAMPFAKTA
IL Høyang - Fjøra FK 0-1 (0-0)
Mål:
0-1, Magnus Hunemo, 58 min
Gult kort:
Andre Valsvik og Morten Kåre Ø. Eriksen, IL Høyang
Domartrio:
Inge Seglem, Årdalstangen IL. Assistentar: Magne Dolve og Lars Eirik Berge, båe Gaular IL
Tilskodarar:
Ca 100 stk
Høyang (4-2-3-1): Jaran T. Vefring - Daniel Eide (Mathias Nese frå 82. min), Martin Johansen, Robert Alrek, Andre Valsvik (Gisle Skuggedal frå 71. min) - Sjur Gjeraker, Edin Agovic (Julian Folke Pettersson frå 68. min) - Marcus Tonning (Vegard Lambrechts frå 79. min), Kristoffer Kalstad, Tommy Veræy - Morten Kåre Ø. Eriksen
Fjøra (4-4-2): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik, Tor Ove Anuglen, Vegard Fardal Nes, Sebastian Tveten Eriksen - Ørjan Hjellhaug (Torbjørn Ylvisåker frå 76. min), Ola Egge Ødegaard, Ole Morten Kvam, Kenneth Nodal (Johan Elverum Salveson frå 13. min) - Espen Granlund og Sian Anahanger Solberg (Magnus Hunemo frå 53. min)