Tambarskjelvar - Fjøra 2-4
Forfatter: Fjøra FK
16. april 2015
Sliteseier i serieåpningen
(Foto: Stig Høynes)
Fjøra vann til slutt 4-2 i serieåpninga men trøbla veldig undervegs og to personlege feil i bakre rekker i første omgang gjorde fjørene litt shaky og me låg under både 1-0 og 2-1 før høvesvis Wigum utlikna til 1-1 på frispark og innbytar Ole Morten Kvam utlikna til 2-2 rett før pause.
I andre omgang har Fjøra grei kontroll og bør scora fleire mål enn dei gjer, men det vart med eit sjølvmål og eit vakkert langskot av Sindre Sanden og til slutt ein viktig 4-2 seier i ein kamp der lite stemte.
Me visste akkurat kva som venta oss i Naustdal. Ein motstandar som låg djupt og pumpa ballar høgt og langt, dårleg bane og ruskever og såleis burde me vore godt førebudde men me var rett og slett ikkje mentalt klar når dommaren bles i fløyta i dag. Puslete duellspel, svake pasningar og ballmottak og eit engasjement godt under der det bør vera.
Positivt er det likevel at me kjem utav ein såpass dårleg forestilling med 3 poeng og me heva oss betrakteleg i andre omgang og burde scora fleire mål. Tambarskjelvar har ikkje ein einaste sjanse i kampen, men to grove feil i Fjøra sine bakre rekker gjorde at Sondre Herstad kunne putte ballen i tomt mål og kampen vart dermed meir spennande enn ønskeleg.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 15.04 kl 19:00
Arena: Naustdal
Turnering: Seriekamp
Dommar: Dan Kåre Esp
Tambarskjelvar – Fjøra 2-4 (2-2)
1-0 12 min Sondre Herstad
1-1 18 min Gøran Wigum (Victor Aguiar)
2-1 19 min Sondre Herstad
2-2 45 min Ole Morten Kvam (Sindre Rørvik)
2-3 60 min Sindre Sanden (Knut Ripe)
2-4 90 min Sjølvmål (Anders Hjeltnes)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff
--------------------
Erik Loftesnes (Steffen Olsen frå 67.)
Per Eirik Lunde (Elias Saltnes frå 89.)
Torbjørn Ylvisåker
Knut Ripe
--------------------
Håvard Lilletvedt (Ole Morten Kvam fra 30.)
Gøran Wigum
Mats Nondal (Erik Fossnes frå 89.)
--------------------
Sindre Rørvik
Anders Hjeltnes
Victor Aguiar (Sindre Sanden fra 30.)