[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Endringar i Fjørastallen

Forfatter: Fjøra FK

19. juni 2014

Fotball
News article image

Jørgen Christian Lindstrøm ny Fjøraspelar medan Mats Nondal truleg er tilbake fra sin korsbåndskade til første haustkamp 5.august

Fjøra gjennomførte sin siste trening for vårsesongen i kveld og no gjenstår kun søndagens kamp mot Årdal 2 på Campus kl 15:00 før laget tek ein, forhåpentlegvis, velfortjent ferie. Studentane Håvard Lilletvedt og Steffen Olsen kjem tilbake til denne kampen medan Knut Ola Høvik og Espen Staff framleis er i bygda så Fjøra mønstrar eit solid lag også i søndagens kamp. Årdal 2 vil nok selja seg dyrt då dei treng poenga i nedrykkstriden så det er viktig at Fjøra held oppe det gode nivået frå dei siste kampane. Divisjonen er såpass jamn at dersom innsats og engasjement ikkje er på topp kan me tapa mot kven som helst, det har me erfart tidlegare i år.

Ellers har Fjøra fått klar Jørgen Christian Lindstrøm til denne kampen etter at han spelte sin siste kamp for SIL 4 på tysdag. Jørgen Christian har tidlegare spelt på SIL 2 og 3 før han for eit par år sidan flytta til Bergen for å jobba på Clarion Hotel Havnekontoret. Fjøra prøvde og henta Jørgen Christian også i vinter men han valgte då å spela vårsesongen for SIL 4 så skulle han ta kontakt i sommar om han ville melda overgang. Me er godt nøgde med å få inn ein ny sogning i stallen, og me trur Jørgen Christian har mykje å bidra med både på fotballbana og i sosiale lag. I tillegg er Mats Nondal meir å rekna som ny etter at han har vore ute med avrive korsbånd sidan juni 2013. Mats måtte venta ei stund på operasjon men har jobba godt i rehabiliteringsperioden og er venta å bli speleklar i midten av august.

Det er også nokon som kanskje forsvinn fra Fjøra til hausten, då Olve og Daniel vurderer vidare skulegang andre stader i landet. Begge to trivst sjølvsagt så godt i Fjøra at me ser ikkje vekk frå at dei studerar i Sogndal likevel men det er altså desse to som er usikre med tanke på vidare spel for Fjøra til hausten.

Me snakkast til kamp på Campus kl 15:00 søndag, der me også skal trekka to nye reisegavekort!