[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Førde 2 - Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

03. juni 2014

Fotball
News article image

Viktig kamp mot Førde 2 i kveld

Fjøra reiser i dag til Førde for å møta laget som ligg på plassen over dei på tabellen, Førde 2. Kun målskilnaden skil dei to laga etter sju serierundar, begge lag har sluppe inn ti mål medan Førde har funne vegen til nettmaskene 20 gonger mot Fjøra sine 15. Begge lag bør unnga tap for å henga med i toppen sidan Florø 2 framleis har tilgode å avgi poeng på toppen av tabellen.

Fjøra er inne i god periode etter ein litt trøblete start og står med fire strake sigrar og solide 13-1 i målskilnad. Denne veka møter ein to gode lag i Førde 2 og Skavøypollen og ein vil etter desse to kampane få ein god peikepinn på kvar Fjøra står i årets sesong. Litt skadar og fravær i Fjøra er det foran denne kampen men me reiser til Sunnfjord med dette slagkraftige mannskapet:

Espen Staff - Sindre Sanden, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe - Steffen Olsen, Olve Øvstetun, Kees Erstad - Anders Hjeltnes, Arild Underdal, Håvard Lilletvedt. Innbytarar: Daniel Fylling, Frode Kvåle og Victor Aguiar

Allereie på fredag er det ny bortekamp og nyåpning av kunstgraset til Skavøypollen før Fjøra avsluttar vårsesongen med to heimekampar 13/6 og 22/6