Trekning sponsorkontraktar
Forfatter: Fjøra FK
08. september 2013
Vinnarane for april, mai og juni vart trekt i pausen mot Skavøypollen
Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen.
I pausen mot Skavøypollen vart det trekt ut tre nye kontraktar, denne gang for månadane april, mai og juni. Vinnarane finn du nedanfor:
Januar Nr 303 Trond Eiken
Februar Nr 51 Øyvind Barsnes
Mars Nr 81 Rasmus Mo
April Nr 64 Åse Solberg Haugen
Mai Nr 269 Jorunn og Trond Hole
Juni Nr 92 Erlend Fardal Lunde