Fjøra - Dale fredag kl 19 og trekning Fjørakontraktar
Forfatter: Fjøra FK
12. juni 2014
Vil sigersrekka halde fram for Fjøra eller tek Dale med seg poenga heim til Sunnfjord?
Etter to sterke bortesigrar mot Førde 2 og Pollen står det no att to heimekampar før vårsesongen er over. Først ut er Dale som kjem på besøk til Campus i morgon, fredag kl 19.00. Dale, som før sesongen var tippa i nedrykksstriden, har imponert hittil og ligg på femteplass med 3 sigrar, 4 uavgjort og 1 tap. Fjøra på si side har no seks strake trepoengarar og ligg på andreplass med ein kamp meir spelt enn sine motstandarar (med unntak av Førde 2).
Det er god stemning i Fjøralaget om dagen og som alltid går me på bana for å styre kampen og ta alle poenga. Skal me klara det må samtlege ha på brytaren frå start og opprettholde same innsats som me har hatt i dei siste kampane. Fjøra startar med dette laget:
Espen Staff, Mathias Bladimir Navarro Nese, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe, Kees Erstad, Olve Øvstetun, Knut Ola Høvik, Anders Hjeltnes, Arild Underdal, Victor Diogo dos Santos Aguiar. På benken sit Brede Fardal Haukereid, Daniel Fylling, Frode Kvåle og Ole Morten Kvam
I pausen vert det også trekning av reisegavekort for månadane januar og februar så kvifor ikkje lade opp til VM-kamp og Spania-Nederland kl 21 med Fjøra-Dale på Campus kl 19.00? Jens Ivar Nilsen lovar god kake i kiosken : )