[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Skavøypollen- Fjøra 1-0

Forfatter: Fjøra FK

31. mai 2013

Fotball
News article image

Det vart eit knepent tap for Fjøra mot Pollen, nokså ufortjent etter vår subjektive meining. Saken er no oppdatert med bilder

Fjøra tapte fredag 1-0 mot Skavøypollen, etter at kaptein Rune Solvang fekk stjernetreff fra rundt 30 meter. Målet kom etter 39 minutt i ein omgang som var prega av ein del unøyaktighet fra Fjøra si side. Likevel var det Fjøra som styrte kampen fra start, anført av ein god Kenneth Nondal på Fjøra si venstreside. Etter om lag kvarteret vart Nondal fint spelt gjennom åleine med keeper, men avslutninga vart redda av ein for dagen meget opplagt Pollenkeeper. Nokre minutt seinare slo Nondal inn til broder Mats, men ballen spratt under foten til yngstemann Nondal i det han skulle sette ballen på blank kasse. Så prøvde Kenneth seg med eit skot etter ein corner, men skotet som var på veg i motsatt hjørne vart nok ein gang meisterleg stoppa av Skavøypoll sin sisteskanse.

I andre halvdel av første omgang datt Fjøra noko nedpå og Skavøypoll fekk nokre halvfarlege avslutningar fra distanse. Fjøra sitt spel var i denne perioden prega av ein del slurv og feilpasningar og dette gjorde at Pollen slapp meir til. Etter 39 minutt fekk ein delvis feilvendt Rune Solvang lykketreff og ballen fauk inn i lengste kryss. Resultatet 1-0 stod seg til pause, og det skulle vise seg at Solvang til slutt også skulle bli kampens einaste målscorar. Ingen stor omgang av Fjøra men laget var hakket vassare  enn heimelaget.

Andre omgang starta med eit enormt Fjørapress og Skavøypollen var knapt inne på Fjøra sin halvdel før siste kvarteret. Pollen forsvarte seg med bravur, var ultradefensive og beina ballen vekk så fort dei fek tak i den. Me fann aldri heilt ut av korleis me skulle trenge gjennom, og sleit litt med å komme til dei store sjansane. Kenneth Nondal og Knut Ola Høvik hadde to gode forsøk, og etter om lag 60 minutt fekk me, så vidt me kunne sjå, eit mål feilaktig annulert for offside. Knut Ola Høvik slo eit legg flatt inn i boksen og på første stolpe kom Ola Ødegaard stormande og sette inn det me trudde var utlikninga. Men på linja var det flaggdag, og truleg vart det vinka offside på ein annan Fjøraspelar, som ikkje var involvert i spelet.

Nærmare kom ikkje Fjøra og dermed 3 poeng til laget fra Deknepollen. Me vil påstå dette var eit veldig ufortjent tap, men det er trass alt måla som tel og der står det 1-0 til Skavøypollen. Det er nok ikkje siste gang me møter eit lag som legg seg djupt og forsvarer seg så me må berre bli flinkare til å opprettholde tempo og presisjon i spelet vårt slk at me kjem til fleire sjansar, samt vere meir klinisk å sette dei me får.

Me har vore så heldige å fått tilsendt eit knippe bilder fra Stig Høynes som de kan sjå nedenfor. Me takkar Stig for dette og anbefaler alle og ta ein titt på www.haugenfotball.no for fleire bilder, samt å holde seg oppdatert på fotballen i fylket.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 31.05.13 kl 19.00

Arena: Skavøypoll Stadion

Turnering: Seriekamp

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Tilskodarar: ca 100

        

Skavøypoll - Fjøra 1-0 (1-0)

1-0      39 min Rune Solvang

Gult kort: Ola Ødegaard

Fjøra (4-3-3):

Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Ole Marius Solberg (Per E Lunde fra 78.), Torbjørn Ylvisåker, Kristian Nornes (Olve Øvstetun fra 70.)- Knut Ola Høvik, Øystein Wilkensen, Ola Ødegaard (Magnus Hunemo fra 80.) – Mats Nondal (Håvard Lilletvedt fra 60.), Daniel Fylling, Kenneth Nondal