[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Tap på Sande stadion

Forfatter: Jan Fuglesteg

10. september 2012

Fotball
News article image

Det vart eit knipe tap mot Førde II i gårsdagens kamp på Sande stadion. Ein kamp Fjøra burde ha vunne.

  

Trenar Kjell Ertesvåg har gitt oss følgjande kommentar frå kampen i jaftes:

" Denne kampen burde me vunne. Utifrå spel og sjansar er me det beste laget, men utifrå utteljing framføre måla er Førde best, og dermed vinn dei fortjent nok. Me møtte eit aggressivt heimelag som starta kampen best, etterkvart fekk me hand om det, og frå midtvegs av 1. omg til midtvegs av 2. omg spelar me god fotball. Siste del av kampen bølgja spelet fram og tilbake, og det var Førde som trakk det lengste strået.
Det positive frå kampen er at me spelar fotball slik me ynskjer å spele, me torer å bruke ball bakfrå, og får opp mange gode kombinasjonar. Det negative er at me ikkje er gode nok der det er viktigast, framføre måla.

Komande veke skal det definitvt fokuserast og trenast på avslutningar og duellar framføre måla!

Det gjenstår no 4 kampar av sesongen, sjølv om me korkje kan rykke opp eller ned, så skal eg love eit Fjøramannskap som skal stao pao i kvar einaste kamp. Me SKAL avslutte sesongen på ein verdig og god måte! "

 

KAMPFAKTA

Førde II - Fjøra FK  2-1 (1-1)

Mål
1-0, Magnus Bjørvik, 21 min
1-1, Kenneth Nondal, 43 min
2-1, Magnus Bjørvik, 84 min

Gult kort
Ingen

Domartrio
Per Oddvar Lien, IL Høyang. Assistentar: Per Olav Erikstad, Jølster IL og Sjur Reisæter Haugen, Dale IL

Tilskodarar
Ukjent

Førde II (4-4-1-1): Martin Nygård - Eirik Kvamme, Kristian Langedal, Tobias Holsen Oppedal, Niklas Helgheim (Øystein Østvik frå 55. min) - Thor Jørgen Spurkeland, Øystein Stafsnes Bøyum, Sondre Sandvoll (Sondre Holsen Kyte frå 55. min), Erlend Moen Taule - Kristoffer Angedal - Magnus Bjørvik

Fjøra (4-4-2): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes (Torbjørn Ylvisåker frå 87. min), Ole Morten Kvam, Roger Hjellhaug (Per Eirik Lunde frå 73. min) - Daniel Fylling (Håvard Lilletvedt frå 67. min), Ola Egge Ødegaard, Kenneth Nondal, Knut Ola Høvik - Mats Nondal og Anders Hjeltnes