Endringar i Fjørastallen
Forfatter: Fjøra FK
07. august 2015
Mange nye ansikt på Fjøratrening i det siste, men også ein del som har takka for seg
Foto: Sogn Avis
Ein del utskiftingar i Fjørastallen har det vore i sommar. Nokon har flytta eller skifta klubb medan fleire nye er komt inn. Vi har fått fire nye frå Sogndal 2, og alle desse er i første omgang på lån men me håpar fleire av dei etter kvart kan komma på permanent overgang til klubben.
Nye:
Eirik Kristoffersen (lån SIL 2)
Mathias Flo (lån SIL 2)
Håvar Mjelleli (lån SIL 2)
Håvard Stedje (lån SIL 2)
Trond Vegard Ripe (Sandviken)
Kristoffer Møvik (ny student, kjem medio august)
Kees Erstad (tilbake frå utlån til Dale 9.august)
Ut:
Håvard Lilletvedt
Espen Staff
Knut Ola Høvik
Sindre Sanden (Askøy, men på venteliste på studiar i Sogndal)
Victor Aguiar (Kaupanger)
Anders Hjeltnes (ny klubb i Bergen frå slutten av august)
Når det gjeld skadar er det ein del smårusk hos enkelte men dei fleste er venta klar til tirsdagens kamp mot Tambarskjelvar. Dei som er lengst vekke er Ylvisåker og Rørvik som begge slit med lyskeproblem og er venta tilbake først i slutten august.
Aldri gunstig med så mykje utskiftingar midt i sesongen men me har gjennomført to gode treningskampar og føler me har ein brei og solid tropp også framfor haustsesongen. Og ikkje minst er det positivt at gruppa no består av mykje lokale fotballspelarar igjen etter nokre år der det ofte har vore fleire studentar enn lokale i startoppstillinga til Fjøra. Me vil gjerne ha studentar også i Fjøra og alle dei som har vore i klubben dei siste åra har bidrege veldig sterkt, men med tanke på stabilitet er det mest gunstig å holde dette talet litt lågare enn det har vore dei siste åra
Me ønsker alle nye velkomne og håpar dei finn seg godt til rette både på og utanfor bana. Det skal vera kjekt å spela fotball i Fjøra og det håpar me vil resultera i god fotball utover hausten. Me oppfordrar derfor alle sogningar til å ta turen på Fjørakamp framover, det er mange sjansar til å bli kjendt med dei nye ansikta då dei tre første kampane alle går på Fosshaugane Campus:
Tysd 11.08 Fjøra – Tambarskjelvar
Fred 14.08 SIL 3 – Fjøra
Fred 21.08 Fjøra – Tornado Måløy