Fjøra - Skavøypollen 1-0
Forfatter: Fjøra FK
07. september 2013
Scoring av innbytar Ørjan Hjellhaug i det 82. minutt avgjorde kampen til Fjøras fordel.
Fjøra drog i land ein svært viktig seier heime mot Skavøypollen i dag og er no for fullt med i tetsjiktet i fjerdedivisjon. Etter ein jamn og litt rotete førsteomgang tok Fjøra fullstendig over i andre og det var fullt fortjent då innbytar Ørjan Hjellhaug avgjorde kampen i det 82. minutt. Målet kom etter at han vart nydeleg spelt fri i bakrom av midtstoppar Torbjørn Ylvisåker og åleine med keeper banka han ballen i mål. Arild Underdal har skrive dette referatet frå den spennande kampen på Campus Fosshaugane:
"Første omgang var noko rotete, me fekk ikkje setje i gang bakfrå og slo mykje langt. Då me prøvde å spele langs bakken var me for upresise, og me måtte ofte springe store distansar for å vinne ballen tilbake. Me gjekk ut i ein litt uvanleg 3-5-2 formasjon. Dette passa kanskje godt for Skavøypollen i sin 4-3-3. Pollen stengte oss av og me vart tvinga til å leite etter alternativ langt framme i bana.
Det vart ikkje skapt mange store sjansar i starten av kampen, men då det nærma seg pause fekk me to store. Den første etter ein corner som vart slått inn på bakerste stolpe. Per nikka ballen fint innatt i feltet, men dessverre sendte Arild ballen med pannebrasken høgt over mål frå god posisjon. Like etter drog Anders seg fri og kom til linja. Han la ballen fint ut i feltet der Daniel kom på eit langt løp. Daniel fekk til ei god avslutning, men ein forsvarar blokka skotet. Dermed stod det 0-0 til pause.
Me la om formasjonen til 4-3-3 i pausen og det såg ut som dette fungerte betre for oss. Me klarte å variere spelet vårt meir og ved fleire høve spelte me oss ut bakfrå. Samstundes var me og direkte om det var moglegheiter for det. Eit par gonger vant me ballen i gunstige posisjonar og med litt betre presisjon på desse kontringane kunne me fort fått oss eitt mål. Me kom ein gang i overtal 5 mot 2, men missa på den avgjerande pasninga. Bakover hadde me god kontroll, spesielt i andre omgang. Alle spelarane skal ha skryt for jobben utan ball i dag. Det var ikkje få meter som var lagt ned i det defensive arbeidet.
Me styrte kampen i heile andre omgang og midt i omgangen kom Håvard til ein stor moglegheit. Det flotte innlegget frå Roger vart stupheada like over av byguten. Det såg ut som det kunne ende med poengdeling men heldigvis for oss tok kaptein Ylvis ansvar i det 82. minutt. Han drog fint av ein angripar før han la ein pasning som sjølv Michael Carrick ville vore stolt over. Ørjan hadde starta inn bak Pollen sitt forsvar og kom heilt åleine mot keeper. Iskaldt sette han ballen til side for Furnes i buret og 1-0 Fjøra. Me kontrollerte resten av kampen og me kunne fort ha fått eit mål til då Ørjan på ny fekk ein stor sjanse, men ballen gjekk til sides for målet frå 5 meter. Kampen enda med 1-0 siger mot ein anna topplag. Me er godt nøgd med resultatet samstundes som me har litt å gå på prestasjonsmessig.
Toppkampane står i kø om dagen, og neste helg møter vi unggutane på Florø 2. Eit godt spelande lag som me med nød og neppe slo 5-4 i vår etter ei skåring heilt på slutten av Ola Egge Ødegaard. Dei neste par vekene blir heilt avgjerande for sluttutfallet i 4.divisjon og me ønskjer å vere med heilt der oppe til siste runde er spelt. Difor skal me legge grunnlaget for gode prestasjonar den komande tida med gode treningar. Me er klare for det som kjem!"
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Laurdag 07.09.13 kl 13.30
Arena: Fosshaugane Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen
Tilskodarar: 50
Fjøra – Skavøypollen 1-0 (0-0)
1-0 82 min Ørjan Hjellhaug (Torbjørn Ylvisåker)
Gult kort: Ole Morten Kvam, Knut Ola Høvik
Fjøra (3-5-2):
Bjarte Hovland- Per Eirik Lunde (Stian Solberg frå 76.), Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes– Håvard Lilletvedt (Ørjan Hjellhaug frå 65.), Knut Ola Høvik, Daniel Fylling (Jan Tore Slinde frå 46.), Olve Øvstetun, Roger Hjellhaug- Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Ole Morten Kvam frå 65.)
Skavøypollen (4-3-3):
Yngve Furnes- Asle Eldevik, Håvard Hagen, Vegard Rangsæter, Kim Andre Gangeskar- Chris Andre Silden (Tor Erik Kupen frå 74.), Rune Solvang, Espen Sandal (Thomas Rikstad frå 83.), Stian Åmelfot, Nicolai Heggedal (Vebjørn Furnes frå 87.), Håvard Bruvoll (Arild Grønnevik Sandal frå 62.)