[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Sandane - Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

15. august 2013

Fotball
News article image

Her følger statusrapport og vurdering av den femtande serierunden

Det er torsdag og dermed klart for rundens prematch. Rundens toppkamp går av stabelen på Sandane Idrettspark og det er nettopp Fjøra som er bortelaget. Me har førebudd oss godt gjennom treningsveka og gledar oss stort til dette toppoppgjeret. Både me og Sandane har fått ein god start på haustsesongen, så dette vert garantert ein spennande kamp mellom to gode lag. Me har no også fått tilbake studentane på laget, deriblant ein nykomar i rogalendingen Fredrik Tangen som truleg får sin debut i løpet av denne kampen.

Me tek som vanleg lite hensyn til kva motstandaren driv med og vil freiste drive med vårt, uavhengig av kva som møter oss. Det vil sei at me ikkje ynskjer at Sandane skal legge premissane, og at me skal vere gode og modige nok til å ta kontroll over kampen. Tiden vil vise om me er tøffe nok til å lykkast med dette.

Vårkampen på Campus enda med 2-1 seier til Sandane etter ein sein scoring som avgjorde til Sandane sin fordel. Det var eit skuffa Fjøralag som gjekk av bana den gongen, då me følte me spelemessig var det beste laget og forjente både eitt og tre poeng. Det er derfor ein svært revansjesugen tropp som reiser oppover i morgon, og forhåpentlegvis vil det denne gongen vera Fjøra som trekker det lengste strået.

Troppen til Fjøra er: Bjarte H, Torbjørn Y, Roger H, Ole Marius S, Vegard N, Eilert H, Johan S, Stian S, Olve Ø, Øystein W, Knut Ola H, Anders H, Fredrik T, Jan Tore S, Arild U

Til slutt ei lita vurdering av dei andre kampane:

Kaupanger - Balestrand

Skjebnekamp i botnen av tabellen, der taparen av denne skal slite veldig for å holde seg i divisjonen. Kaupanger har, som Fjøra, fått attende nokre studentar til denne kampen. Ein kamp med nerve i men me trur det endar med grei Kaupangerseier. H

Sogndal 3 - Jølster

Sogndal 3 tek i mot ujamne Jølster, som varierer frå seier mot topplag til tap mot botnlag. Stadheim og Øren truleg med for SIL 3 og dei vil nok, saman med dei yngre sogndølene, sørge for at poenga vert verande i Sogndal. H

Høyang - Eid

Eid eitt av seks lag som kjempar om førsteplassen i divisjonen men har ikkje spelt opp mot sitt beste i haust. Høyang må slåast dersom dei skal henga med dei andre og det trur me også dei blir. B

Dale – Førde 2

Førde 2 med to tap i dei tre haustkampane hittil og dermed har laget dutte ned frå første til sjetteplass på tabellen. Lenger ned dett dei ikkje, men skal dei klatre opp igjen bør det bli poeng mot Dale. Dale klarte 3-3 i det omvendte oppgjeret, men me trur mest på bortelaget her. B

Skavøypoll – Florø 2

Saman med Sandane – Fjøra er dette rundens toppkamp. Begge lag står med full pott etter tre rundar i haust og som med Sandane – Fjøra blir nok også dette ein open kamp det er umogleg å spå utfallet av. Me har mest tru på Florø 2 og prøver oss med ein syltynn B.