[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Høyang - Fjøra 1-2

Forfatter: Fjøra FK

27. august 2015

Fotball
News article image

Flo og Loftesnes sørga for tre fortjente bortepoeng i toppkampen på Sletta

Då Høyang tapte mot Florø 3 forrige helg var det deira første tap sidan 8.mai mot Fjøra og i rekka på ni kampar utan tap finn me blant anna ein uavgjort mot Tornado og 4-3 seier mot Førde 2. Med andre ord ein vanskeleg bortekamp for Fjøra, sjølv om me må heilt tilbake til 2008 for å finna sist Fjøra reiste derifrå med null poeng. Den gongen vart det tap 4-0 og både Bjarte Hovland og Marius Bøe vart utvist i tillegg til at Høyangkeeper Jaran Vefring scora 4-0 målet på utspark, til stor fortvilelse for Rune Loven i Fjøramålet.

I kampen på torsdag var den einaste likheten med 2008 det dårlege veret for det var Fjøra som køyrte kampen fra start. Etter eit par farlege men resultatlause cornerar fra Kristoffersen tråkla Steffen Olsen seg igjennom og vart felt på 18-20 meter kvarteret ut i omgangen. Kristoffersen og Wigum gjorde seg klar og ein kunne sjå frykten i augene til Høyangspelarane. Wigum smellte til og sendte Vefring ut i full strekk, men på returen sto Mathias Flo heilt aleine og sette enkelt inn 1-0 leiing til Fjøra. Like etter trudde Fjøraspelarane dei hadde gått opp til 2-0 då Per Eirik heada ein corner mot mål, men dommartrioen meinte ballen ikkje var over streken. Muligens vart Fjøra snytt for eit mål der, men det var mykje folk rundt målstreken og vanskeleg å sjå. Også Mathias Flo hadde ein enorm sjanse til å auke leiinga men unge Flo sa seg fornøgd med ni mål på fire kampar og sette ballen utanfor fra ein meter.

Like før pause måtte kaptein Wigum ut med skade i leggen og Fjøra måtte rokkera litt på laget. Høyang jobba hardt og hadde nokre farlege overgangar som Fjøra fekk avverga, men Fjøra åpna også andre omgang best. Etter 53 minutt vart Underdal nydeleg spelt fri på Fjøra si høgreside og den unge lovande jølstringen skulle no vise at han kan meir enn å scora mål. Medan heile Høyangforsvaret var opptatt med å følga to Fjøraspissar inn på femmeteren, brukte Arild Silva-blikket sitt og la ballen 39 grader ut mot Erik Loftesnes. Loftis har lært at det alltid er ledig i krysset og med sin presise venstrefot curla han ballen opp i lengste kryss mens ruter Olsen stolt stod og applauderte på midten. Flott angrep av Fjøra og ein klasseavslutning av Loftesnes, som spelte ein veldig god kamp.

Mot slutten av kampen kom Høyang meir med og skapte meir problem for Mjelleli enn dei hadde gjort første timen. Dette resulterte i ei redusering heilt på slutten men Fjøra holdt unna og kunne notere seg for nok ein trepoengar i ein vanskeleg bortekamp. Fortjent seier men Høyang jobba godt og var farlege på overgangar. Men også Fjøra jobba godt og alle mann gjorde sitt til at det tikka inn nye tre poeng på kontoen. Me har ein god miks av spelarar i stallen og ein breidde me ser me har god bruk for utover hausten. Per Eirik måtte gi seg med sjukdom midt i andre omgang og både Wigum og Olsen måtte ut med skadar, men me håpar alle er klare igjen til lokaloppgjeret mot Kaupanger lørdag 5.september. Håvard Stedje er ute resten av sesongen då han var uheldig og pådrog seg eit beinbrudd på trening tidlegare i veka. Veldig synd for 18-åringen som hadde fått ein god start i Fjøra. Me ønsker han god bedring og håpar å sjå han tilbake i Fjøradrakt når skaden er lega.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Torsdag 27.08 kl 18:45

Arena: Sletta gras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rune Haugland

Høyang – Fjøra 1-2 (0-1)

0-1    15 min Mathias Flo (Gøran Wigum)

0-2    53 min Erik Loftesnes (Arild Underdal)

1-2    90 min Mads Loftesnes

Gult kort: Ingen

Fjøra (4-3-3):

Håvar Mjelleli

-----------------------------------

Ole Martin Bolset

Per Eirik Lunde (Elias Saltnes fra 70.)

Knut Ripe

Eirik Kristoffersen

-----------------------------------

Steffen Olsen (Erik Fossnes fra 80.)

Gøran Wigum (Arild Underdal fra 44.)

Kristoffer Møvik

-----------------------------------

Erik Loftesnes

Mathias Flo

Mats Nondal (Stian Solberg fra 86.)