[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Høyang 1-2

Forfatter: Fjøra FK

04. september 2014

Fotball
News article image

Høyang slo eit bleikt Fjøralag og vann relativt fortjent

Eit meget bleikt og tafatt Fjøralag tapte fortjent heime mot Høyang etter to mål av evigunge Thomas Frichsen. Fjøra utlikna ved Arild Underdal litt før pause men klarte aldri å setta det presset på Høyang i andre omgang som me hadde forventa. I staden var Frichsen frampå og avgjorde ti minutt før slutt med sitt andre for dagen.

Rotete kamp der ingenting fungerte for Fjøra. I tillegg var innsats, engasjement og kampgnist nesten fullstendig fraværande og då er det vanskeleg å vinna fotballkampar. Høyang vann rett og slett kampen på at dei ville mest og det er berre å setta ein stor svart strek over dagens forestilling. Forhåpentlegvis svir tapet nok til at alle mann hevar seg betrakteleg og er tilbake på normalt godt nivå i neste kamp borte mot Sandane.

Litt kort referat denne gang frå ein svært skuffa assistenttrenar men no skal undertegna sta og lauga seg og slikka såra i den blå lagune på Island, balsam for kropp og sjel!

Bonus:

3 – Ole Martin Bolseth

2 – Knut Ola Høvik

1 – Arild Underdal

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Torsdag 04.09 kl 18:30

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Johnny Skjerven

Fjøra – Høyang  1-2 (1-1)

0-1   14 min Thomas Frichsen

1-1   34 min Arild Underdal (Knut Ola Høvik)

1-2   80 min Thomas Frichsen

Gult kort: Knut Ripe, Ørjan Vikum

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde (Torbjørn Ylvisåker fra 77.), Ole Martin Bolseth, Knut Ripe (Kees Erstad fra 46.)- Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt- Anders Hjeltnes, Jens Ivar Nilsen, Karlis Bremers- Arild Underdal (Ørjan Vikum fra 54.)