Årdal - Fjøra 1-2
Forfatter: Fjøra FK
24. februar 2015
Laga hadde kvar sin omgang men totalt sett var det nok Fjøra som skapte dei fleste sjansane og vann til slutt 2-1
Fjøra stod med lua i hånda og vart rundspelt av Årdal i storhallen for litt over to veker sidan. Ein heilt anna innstilling av Fjøralaget i Årdal i dag men me var likevel heldige som gjekk til pause med leiing 1-0. Målet kom midt i første omgang etter at keeperen til Årdal var uheldig og glapp ein corner fra Ole Martin Bolset i eige mål. Årdal styrte spelet stort sett heile omgangen medan Fjøra til tider vart spelt svært djupt i bana og det hadde ikkje vore noko og sagt på om det i staden var Årdal som hadde leda til pause.
Også i starten av andre omgang sleit Fjøra med å få spelet til å gli men siste 35 minuttane heva me oss betrakteleg og skapte mange store sjansar. Femten-tjue minutt ut i andre omgang netta Victor Aguiar sikkert etter godt forarbeid frå Sindre Rørvik og 2-0. Etter dette produserer me fleire store sjansar men Gilleshammer i Årdalmålet og for dårlege avslutningar hindra fleire mål. På overtid får Årdal straffe etter ein hekting og Terje Øvstetun reduserer til 1-2, som også vart sluttresultatet.
To ulike omgangar, Årdal best i første og Fjøra best i andre. Jamn kamp men slik kampen utvikla seg syns me Fjøra til slutt vann fortjent.
Foto: Stig Høynes (arkivfoto)