Årsmøte vel i havn
Forfatter: Fjøra FK
27. februar 2013
Fjøra FK sitt årsmøte for 2012 gjennomført i Sognahallen i kveld
Det utsette årsmøte frå sist veke gjekk i kveld av stabelen i Fjøra FK sitt klubblokale i Sognahallen. Møtet føregjekk som vanleg utan den store dramatikken, og var ferdig i løpet av ein liten time.
Styreleiar og ordstyrar Tom Wolff Navarsete hadde så smått kome seg til hektene att etter sist vekes cowboystrekk og åpna årsmøte. Vidare gjekk han gjennom årsmeldinga til klubben før han gav ordet vidare til regnskapsbas Tor Henning Mardal. Han losa styret og resten av dei frammøtte gjennom regnskap og balanse, eit regnskap som i år viste nokre små kroner i minus.
Deretter gjekk budsjettansvarleg Jan Rune Årøy (ja, det er viktig å fordela oppgåvane på fleire personar) gjennom budsjettet for 2013, og både regnskap 2012 og budsjett 2013 vart godkjendt av dei frammøtte. Eilert hadde som vanleg nokre godt gjennomtenkte innvendingar, men godtok til slutt tala som vart lagt fram av dei meir erfarne medlemane.
Til slutt var det valg av nytt styre. Einaste endringa her vart at Eilert Brox Holme går inn i styret og overtek plassen til Joar Solberg, som likevel vil fortsette å bidra litt rundt laget. Me takkar Joar for innsatsen og set no vår lit til Eilert.
Styret består dermed no av Tom Wolff Navarsete (leiar), Kai Henning Slinde (styremedlem), Arild Underdal (styremedlem), Eilert Brox Holme (styremedlem) og Bjørn Egil Moldestad (styremedlem). Nestleiar vil bli valgt ved eit seinare høve.