Avslutta sesongen med siger
Forfatter: Jan Fuglesteg
08. oktober 2012
Fjøra avslutta sesongen 2012 med ein fin 3-0 siger over Balestrand på Kreklingen.
Med denne solide bortesigeren vart Fjøra nummer 2 i årets 4. divisjon. Endå viktigare er det å avslutta sesongen på best mogleg måte og det smakar alltid godt med ein trepoengar i siste kamp. Det har betydning å avslutta sesongen godt då det ofte vert litt lettare å førebu seg til den komande sesongen.
Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg:
" Godt å avslutte sesongen med siger. Me starta kampen meget bra, og etter 22 minutt leia me 3-0 etter mål av Arild på straffe, og 2 mål av Kenneth. Me visste dette ville verte ein tøff kamp mot eit godt heimelag, men me sette standarden frå start av, og la grunnlaget då. Etterkvart jamna kampen seg ut, Balestrand kom med, og utover i 2. omgang hadde dei fleire store målsjansar, men utan utteljing. Me lukkast ikkje med alt i denne kampen heller, men ein god moral, laginnsats og moral var alltid i botn i arbeidet me gjorde. "
No er sesongen over og me nyttar høvet til å takka alle som har støtta Fjøra denne sesongen.
KAMPFAKTA
Balestrand IL - Fjøra FK 0-3 (0-3)
Mål
0-1, Arild Lunde Underdal, 9 min (str)
0-2, Kenneth Nondal, 16 min
0-3, Kenneth Nondal, 22 min
Gult kort
Ingen
Domartrio
Rolf Kåre Almenning. Forø SK. Assistentar: : Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF og Aleksander Offerdal, Lærdal IL
Tilskodarar
Ukjent
Balestrand (4-4-2): Ole Tjugum - Georg Reynir Eriingsson Nesse, Roy Kenneth Rendedal, Daniel Nordeide, Bjørge Eikelund - Kurt Arild Ohma, Birk Isane, Adrian Wolff Nesse, Theodor Sigurdsson Kvikne - Kristjan Ingi Nesse og Nicolay Andersen
Fjøra (4-4-2): Bjarte Hovland - Stian Anhanger Solberg, Vegard Fardal Nes (Magnus Hunemo frå 46. min), Torbjørn Ylvisåker, Per Eirik Lunde - Ole Morten Kvam, Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt, Jørn Kvalvik (Ørjan Hjellhaug frå 46. min) - Arild Lunde Underdal og Kenneth Nondal