Høyang - Fjøra 1-5
Forfatter: Fjøra FK
30. august 2013
Komfortabel 5-1 seier til Fjøra på Sletta
Fjøra hadde god kontroll på Høyang i kveldens kamp på Sletta, men det gjekk ei god stund før måla begynte å renne inn og kampen vart avgjort. Alt etter sju minutt slo Roger Hjellhaug ein presis corner som Per Eirik heada kontant i mål på bakerste, men kun fem minutt seinare låg ballen i det andre nettet, også dette etter corner. Vegard Lambrecht utnytta dårleg markering i Fjøraforsvaret og heada corneren i mål til 1-1 og dermed like langt.
Fram til utlikninga var Fjøra det førande laget, men etterpå var det ein periode med mykje dårleg spel av begge lag før Fjøra etter kvart tok over igjen. Hjeltnes skar ved nokre høve fint inn frå sin høgrekant og kom til eit par gode sjansar, medan Underdal hadde ein enorm sjanse til å putta då han blåste ballen over mål frå god posisjon. I tillegg hadde me fleire farlege dødballar og spesielt hjørnesparka til Hjellhaug var det høg klasse over i dag. Men målet uteblei og laga gjekk til pause med kvar sitt mål og 1-1.
I andre omgang heva Fjøra seg endå nokre hakk og Høyang hang ikkje heilt med. Me kan vel knapt erindra at Høyang var i nærleiken av Bøyum i Fjøramålet i denne omgangen og det var berre eit tidsspørsmål før ledarmålet skulle komma.
I det klokka tikka mot 70 minutt får Underdal pirka ballen inn i bakrommet til Høyang. Der er Jan Tore på farten, som fint får kontroll på ballen og avsluttar raskt til side for keeper. Etter 73 minutt set Vegard Fardal Nes i gang eit fint Fjøraangrep frå sin stopparposisjon. Fredrik Tangen gjer ein god jobb på Fjøra si høgreside og finn Hjeltnes, som breidsidar ballen i nettet til 3-1. Siste fem minuttane får me to nye mål ved Anders Hjeltnes og Magnus Hunemo, begge to etter fint spel og forarbeid av høvesvis Magnus Hunemo og Jan Tore Slinde.
Kampen enda dermed 5-1 og tre fortjente poeng til Fjøra. Ein god forestilling av Fjøra og ein av dei bedre kampane me har spelt i haust. Me får belønning utover i andre omgang i form av at Høyangspelarane vert slitne av å heile tiden jaga ballen som stort sett var i Fjøralaget. Alle jobba godt i dag, men ekstra fornøgde var me med Anders Hjeltnes, Roger Hjellhaug og Knut Ola Høvik.
Sigeren smakte ekstra godt då Fjøra i morgon set kursen for ei sosial samling med grilling på Hylsete og fisking ved Halsavatnet. Alltid kjekkare å samlast etter tre poeng :)
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 30.08.13 kl 19.00
Arena: Sletta, Høyanger
Turnering: Seriekamp
Dommar: Rune Haugland
Tilskodarar: 30
Høyang - Fjøra 1-5 (1-1)
0-1 7 min Per Eirik Lunde (Roger Hjellhaug)
1-1 12 min Vegard Lambrechts
1-2 69 min Jan Tore Slinde (Arild Underdal)
1-3 73 min Anders Hjeltnes (Fredrik Tangen)
1-4 87 min Anders Hjeltnes (Magnus Hunemo)
1-5 89 min Magnus Hunemo (Jan Tore Slinde)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-2-3-1):
Håvard Bøyum- Fredrik Tangen, Per Eirik Lunde (Vegard Fardal Nes frå 62.), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug – Knut Ola Høvik, Magnus Hunemo - Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Ole Morten Kvam frå 75.), Håvard Lilletvedt – Jan Tore Slinde