[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Loftesnes og Fossnes på Norgescup i Footvolley

Forfatter: Fjøra FK

16. juli 2015

Fotball
News article image

Erik Loftesnes og Erik Fossnes deltok torsdag på Norgescupturneringa på Eid

Foto: Stig Høynes

Fjøra sin hårfagre Erik Loftesnes kom saman med Sogndalspelar Pål Fossnes på fjerdeplass etter tap mot Bjørn Totland og Christoffer Hafsås i bronsefinalen i Norgescupen i footvolley på Eid torsdag. Finalen vart vunne av Kristoffer "hamstring" Årskog og Tom Johannes Bang fra Oslo Footvolley, desse to er også dei to som er ranka øverst i Norge i denne idretten. Kort og godt er Footvolley mykje likt volleyball, berre at ein brukar beina og kroppen istadenfor hendene. Det er spesielt viktig med gode tilrettelegg med brystkassen så her har nok Loftesnes/Fossnes litt å gå på samanlikna med litt meir robuste karar i turneringa, sjølv om dei scorar høgt på smidighet.

Erik Fossnes i par med Karsten Bjelde deltok også i turneringa, men dei vart slått ut i gruppespelet etter ein seier og fire tap.

Les meir om turneringa på www.haugenfotball.no