To veker til første obligatoriske kamp
Forfatter: Fjøra FK
06. mars 2019
Onsdag om to veker spelar me den første kampen som tel i år, borte mot Kaupanger i cupen
Foto: Endre Romøren/Sogn Avis
Me har fått innspel på at aktiviteten på fjora.no bør opp litt og det er vanskeleg å vera veldig ueinig i det når siste sak er frå Kjempenes Liga..:) Men me har valgt å flytta det meste av nyheiter og referat til vår facebookside "Fjøra Fotballklubb" då dette er mindre tidkrevjande og gjer det lettare for fleire å oppdatere både før og etter kamp. Me tenkte likevel det var på sin plass med ein liten oppdatering her også:
Me er godt i gang med oppkøyringa og fekk etter kvart på plass eit veldig godt trenarteam med eit lass av erfaring både som spelarar og trenarar. Hovudtrenar Jens-Ivar Nilsen har med seg Knut Almås to ganger i veka og Kjell Ertesvåg ein til to ganger i veka i tillegg til at Knut Idar Kristoffersen er mykje involvert i si rolle som sportsleg leiar. Vidar Walsvik har ansvar for keeprane våre så alt er godt tilrettelagt no når alvoret snart startar. Me skal heller ikkje gløyma dugnadsgjengen ellers i klubben som legg ned mykje arbeid. Takk også til Sogndal som lar oss få spela våre heimekampar i storstova på Campus også i år, kjekt!
Nye spelarar i stallen er Simen Stølen og Svenn Ove Gjøringbø frå Førde og Kristian Berg frå SIL2. I tillegg er Ole Marius Solberg med og trenar litt forsiktig så vil tida visa om han etterkvart vert aktuell for kamp også. Stallen i sin heilhet finn du under, den tel pr i dag 21/22 mann og alle er eitt år bedre enn dei var på same tid i fjor, det lovar bra :)
| NR | NAVN | POSISJON | FØDSELSDATO |
| 1 | Benjamin H Sunde | Keeper | 03.10.1996 |
| 2 | Eirik Stedje | Back | 22.03.1999 |
| 3 | Kristian Berg | Stoppar | 16.06.2000 |
| 4 | Simen Stølen | Angrep | 19.06.1996 |
| 5 | Sondre Skjerven | Midtbane | 13.11.1999 |
| 6 | Håvard Stedje | Midtbane | 14.01.1997 |
| 7 | Kenneth Skjerven | Midtbane | 20.11.1996 |
| 8 | Karsten Bjelde | Back | 19.04.1996 |
| 9 | Malvin Gjerde | Angrep | 06.04.1992 |
| 10 | Mathias Flo | Stoppar | 18.06.1996 |
| 11 | Andreas Lerheim Olsen | Angrep | 19.02.1999 |
| 12 | Håvar Mjelleli | Keeper | 30.12.1996 |
| 13 | Mathias Hovland | Angrep | 20.07.1999 |
| 14 | Svenn Ove Gjøringbø | Back | 05.05.1996 |
| 15 | Thomas Ness | Stoppar | 30.01.1991 |
| 16 | Tor Håkon Sveen | Angrep | 29.07.1993 |
| 17 | Sondre Loftesnes | Stoppar | 21.05.2000 |
| 18 | Morten Knutsen | Midtbane | 13.09.1996 |
| 21 | Eirik Kristoffersen | Back | 22.04.1996 |
| 22 | Stian Njøs | Midtbane | 06.05.1999 |
| 23 | Sindre Thue | Midtbane | 27.08.1997 |
| 24 | Ole Marius Solberg | Stoppar | 28.08.1989 |
Me har hatt tre fotballtreningar i veka sidan januar pluss ei ressursøkt i samarbeid med Spenst Idrettssenteret. Dette har fungert veldig bra og me har ikkje hatt like mykje skadar hittil som me har hatt dei to foregåande åra i oppkøyringa, viktig ta med seg. Fem treningskampar har det også blitt. Det vart seier i dei fire første, 3-1 mot Årdal, 2-1 mot SIL2, 5-0 mot Førde og 3-0 mot Eid før me tapte 2-1 mot Valdres i den femte. Me var fullt på høgde og bedre enn Valdres spelemessig men slapp oss litt nedpå siste 20 minuttane som gjorde at Valdres snudde kampen. Det me var mest misnøgd med i denne kampen var effektiviteten så det er noko ein vil jobba med framover, me må ta sjansane og vera meir kliniske framfor motstandaren sitt mål.
Laurdag 9.mars spelar me ny treningskamp, denne gang mot Fana på Voss. Eit godt lag som er tippa på øvre halvdel så her får me endå ein peikepinn på kvar me står. Neste kamp er 20.mars mot Kaupanger i første kvalikrunde i cupen før me den 26.mars reiser til Kypros på treningsleir. Der ventar to kampar mot gode lag, men motstandar framleis uvisst.
Me føler me er i rute og veit det vert harde kampar kvar helg i årets tredjedivisjon. Det er jo det som er kjekt, å måtte ta ut maks kvar helg for å sitta igjen med poeng så det gler me oss til. Dei fleste tippar oss langt nede på tabellen men me har vist før at me kan slå kven som helst. Så får me telja opp i oktober om me har henta nok poeng til å berga plassen eller ikkje.
Spelarane og me andre har siste par månadene vore rundt og selt både Fjørakontraktar og annonser til Fjøraposten og møter som vanleg stor velvilje i bygda, noko me veit å sette pris på. Me har også fått inn to nye sponsorar i Einarsen Eigedom og Solberg Autospa. I tillegg har AH Bygg auka si sponsing frå tidlegare. Takk til alle samarbeidspartnarar for støtta!