[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra sikra andreplassen alt før kampen mot Årdal 2

Forfatter: Fjøra FK

05. oktober 2014

Fotball
News article image

Då Pollen klarte berre uavgjort på mandag vart det klart at Fjøra endar på andreplass bak suverene Florø 2

Sjølv om Fjøra har vore litt meir ustabile i haust enn i vår er det to rundar før slutt klart at laget blir nummer to i årets fjerdedivisjon bak suverene Florø 2. Det vart klart mandag då Skavøypoll kun klarte uavgjort mot Førde 2. Etter ein litt treg start på sesongen trødde Leiv Inge Fimreite sine disiplar til med ti strake sigrar og kraup heilt opp i ryggen på Florø 2, men då me tapte den innbyrdes kampen mot Florøværingane 2-0 i august var i realiteten opprykket til Florø 2 sikra. Prestasjonane utover i haustsesongen har gått litt i bølgedalar men med unntak av tapa mot Høyang og Tambarskjelvar må me sei oss fornøgd me poengfangsten og andreplassen på tabellen.

Til kampen mot Årdal 2 mandag stiller me skjerpa og skal ikkje la oss lura av at årdølene alt har rykka ned ein divisjon. Me har sett tidlegare i år kor poenga havnar om ein slepp seg litt nedpå og forventar ting skal gå av seg sjølv. Det vil alltid vera viktig med ein god avslutning på sesongen då det er dette ein dreg med seg inn i starten på neste og me er også innstilte på å hjelpa Hjeltnes til å sikra seg toppscorartittelen i divisjonen. Hjeltnes står no med 20 mål, det same som Fredrik Flo medan Thomas Frichsen og Sindre Rørvik er hakk i hjel eitt mål bak. Fordel Hjeltnes er at han har to kampar att medan dei tre andre kun har ein kamp og få nettsus på.

Troppen til Fjøra er framleis litt usikker då er litt skadar ute og går. Arild, Ole Morten og Knut Ola har stått over eit par treningar denne veka men vert truleg klar medan Ørjan og Jørgen Christian truleg må stå over. Det same gjeld Espen og Håvard som er i praksis, medan viktige Steffen Olsen er tilbake tilnærma hundre prosent etter å ha slitt med skadar heile haustsesongen. Også Mats Nondal har vist svært positive takter på trening denne veka men han er framleis berre aktuell for ein omgang etter langvarig skadeavbrekk