[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Kaupanger 3-3

Forfatter: Fjøra FK

23. august 2013

Fotball
News article image

Kaupanger kriga Fjøra ut av stilen og nok eit poengtap for Fjøra

Det enda 3-3 i lokaloppgjeret mot Kaupanger der det meste, om ikkje alt, skjedde i den første omgangen. Fjøra fekk ein pangstart då Daniel Fylling fann nettmaskene etter kun eitt minutt. Kaupanger pressa høgt men Fjøra spelte seg fint gjennom midten og ut på høgrekanten. Der slår Knut Ola eit presist innlegg til Daniel som breidsidar ballen i lengste hjørnet. Fin start av Fjøra som me håpte me kunne bygge vidare på. Så skjedde ikkje då Sindre Rørvik var på farten kun tre minuttar seinare og 1-1. Først ein pasning i bakrom mot Rebni før ballen havna på bakerste hos Rørvik. Han drog seg inn mot sekstenmeteren før han curla ballen i lengste nede ved stolperota. Litt slapt forsvarsspel av Fjøra der.

Ikkje lenge etter headar Jarle Ims ballen knallhardt i tverrliggaren til Fjøra og veldig nære 1-2. Både Ims og Rebni heilt åleine på bakre og nok ein gang for slapt forsvarsspel men me slapp med skrekken. Like etter var Rørvik igjen farleg frampå med sin enorme hurtighet, men vinkelen vart for spiss og framleis 1-1. For Fjøra sin del var Hjeltnes eit stadig uromoment og kom til eit par halvfarlege avslutningar.

Etter 19 minutt slår Daniel ein nydeleg stikkar til nevnte Hjeltnes i Kaupanger sin sekstenmeter. Hjeltnes kjem litt skrått på men bankar ballen i nettaket på første touchen, praktfullt pasning av Daniel og praktfull avslutning av systrendingen. Men nok ein gang skulle Kaupanger svare med ein gong. Rebni stussar ein ball igjennom, Sindre Rørvik vinn ein duell først med keeper og deretter med Ylvisåker før han pirkar ballen i mål. Slapt forsvarsspel, 2-2 og like langt. Rørvik gjorde i denne perioden som han ville mot eit passivt Fjøralag. Ikkje fall me av tidleg nok og ikkje kom me tidleg nok oppi press heller. Det same skjer på ny etter 33 minutt då Rørvik kjem seg forbi to Fjøraspelarar på Fjøra si høgreside. Avslutninga vert blokkert, men blokkeringa set Bøyum litt ut av spel og han klarer berre å slå ballen vidare i Hjellhaug som er uheldig og set ballen i eige mål. Nok ein god prestasjon av Rørvik, men likevel også nok ein gong slapt forsvarsspel av Fjøra.

Kaupanger såg ut til å holde denne leiinga inn mot pause men etter 41 minutt spelar Øystein nydeleg Jan Tore fri i bakrommet. Jan Tore kjem litt skrått på men trillar ballen kontrollert med høgra i lengste hjørnet for Nygård i KIL-målet. Dermed uavgjort 3-3 etter ein fartsfyllt førsteomgang.

Kaupanger var heilt klart mest aggressive og tøffe mot eit litt famlande Fjøralag i denne omgangen. På motstandaren sin halvdel gjer me ein del bra, og alle måla vore kjem etter flott spel. Utan ball er me ikkje der me skal vera i eit lokaloppgjer, Kaupanger er vesentleg betre enn oss i duellspelet og er mykje meir villig enn oss til å vinna både første og andre ballar. Klar tale i pausen, dette måtte opp mange hakk i andre omgang.

Berre eit par minutt ut i andre omgang slår Kenneth eit innoverskrudd frispark som Knut møter fint åleine på første stolpe. Knut har sprunge seg heilt fri men beinar ballen over målet og ned på lærarskulen, enorm sjanse til 4-3 der. Fjøra har i denne omgangen betre kontroll på Rørvik og Kaupanger, og tråkkar litt meir til enn i første men offensivt er det ikkje mykje som vert produsert. Begge lag virka litt slitne og det er kun sporadisk det er farlegheiter framfor nokon av måla.

Kampen ebba dermed ut i 3-3 og uavgjort, eit rettferdig resultat slik kampen arta seg. Kaupanger torde mykje meir i denne kampen samanlikna med kampen på Kvednushaugen 16.mai, og om dei fortset som i dag vil dei nok klatre opp på trygg grunn og fornya kontrakt i fjerdedivisjon.

Fjøra må som mot Sandane bli tøffare i duellspelet defensivt, det må rett og slett vera ei meir djevelsk innstilling om å hindra motstandaren i å koma til sjansar og mål. Resultatet og prestasjonen i dag er me i Fjøra langt i frå nøgde med. Med ball har me mange tekniske feil, det florerte av dårlege mottak og upresise pasningar. Utan ball har me ikkje press på ballførar, me fell av for seint ved enkelte høve og andre gonger står me ikkje opp slik at Kaupangerspelarane uhindra kan ta inn ballen og sette fart. Me taper mange duellar og har stor strekk i laget. Det verka som Kaupanger hadde ei heilt anna innstilling til kampen enn det me hadde. Dei kriga oss ut av stilen og har nokre angrep med høg klasse.

Men me skal ikkje svartmale heilt. Sjølv om det i dag var mykje «hiaka-hoaka» skåra me tre flotte mål. På slutten kunne me fort ha tatt alle tre poenga, men det ville seg ikkje. Me får legge denne kampen bak oss og sjå framover mot Høyang neste fredag. Grunnlaget for ein betre prestasjon i den kampen skal me legge på treningsfeltet komande veke. Me må brette opp ermane og ta i eit tak alle mann. Ein må stille større krav til seg sjølv og medspelarar. Forhåpentlegvis vil dette føre til at Høyang får unngjelde på Sletta.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 23.08.13 kl 19.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rune Haugland

Tilskodarar: 50

        

Fjøra – Kaupanger  3-3 (3-3)

1-0      1 min Daniel Fylling (Knut Ola Høvik)

1-1       4 min Sindre Rørvik

2-1      19 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)

2-2      22 min Sindre Rørvik

2-3      33 min sjølvmål (Roger Hjellhaug)

3-3      41 min Jan Tore Slinde (Øystein Wilkensen)          

Gult kort: Olve Øvstetun, Håvard Lilletvedt

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Håvard Lilletvedt (Eilert Holme frå 83.), Ole Marius Solberg (Per Eirik Lunde frå 35.), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug – Øystein Wilkensen (Arild Underdal frå 60.), Olve Øvstetun- Daniel Fylling, Knut Ola Høvik, Kenneth Nondal – Anders Hjeltnes (Jan Tore Slinde frå 24.)

Kaupanger(4-4-2):

Martin Nygård- Marius Bøthun, Kristoffer Dalaker, Lars Haslestad, Henrik Førde- Kenneth Dvergedal (Tor Håkon Nordenhaug frå 64.), Jarle Ims, Mads Doksæter, Eirik Menes- Ole Einar Rebni, Sindre Rørvik