Høyang - Fjøra 0-1
Forfatter: Fjøra FK
24. mai 2014
Fjøra med sin tredje strake seier
Kampen mot Høyang vart akkurat slik me hadde sett føre oss på førehand der Høyang jobba hardt for poenga men der Fjøra til slutt trakk det lengste strået.
Fjøra åpna kampen klart best og trykka Høyang bakpå frå første spark. Allereie etter eitt minutt var Hjeltnes frampå med eit farleg innlegg men Fjøraspelarane var ikkje nok på hugget inne i boksen. Berre to minutt seinare var det Hjeltnes som vart spelt gjennom av Knut Ola Høvik og Hjeltnes sette sitt andre mål for sesongen.
Om lag tjue minutt ut i kampen jamna kampen seg ut og halvvegs ut i omgangen følte Høyang seg snytt for straffespark då Frichsen vart felt. Dommaren meinte fellinga skjedde like utanfor sekstenmeteren og det påfølgande frisparket var innom ein arm i Fjøramuren før situasjonen vart avverga. Vanskelege situasjonar begge to men ser ikkje vekk frå at Høyang burde fått sjansen får 11-meteren i eitt av desse tilfella. Etter dette var Høyang meir opptekne av å klaga på dommaren enn å spela fotball, ikkje utypisk for eit lag som slit i motgang og ikkje har marginane med seg.
Også i andre omgang ville Høyang ha straffespark då Thomas Frichsen sprang i Per Eirik men her vinka nok dommar heilt korrekt spelet vidare. Like før slutt ville også Fjøra ha ein straffe då Victor vart sparka ned på veg innover i feltet til Høyang, men det vart det ikkje og kampen enda med 1-0 seier til Fjøra.
Jamn kamp frå 20 minutt og ut der Fjøra sleit litt med å få spelet til å gli. Likevel er Høyang aldri skikkeleg farlege med unntak av straffesituasjonen i første omgang. Dei har ein del dødballar, men Fjøraforsvaret med Per Eirik i spissen rydda unna og framstår som solide defensivt. Fjøra produserte ikkje all verden dei heller men har nokre få farlege sjansar som med litt meir konsentrasjon kunne resultert i 2-0.
Ikkje tvil om at Fjøra har gjort nokon viktige grep etter to store tap og 1-9 i målprotokollen mot Florø 2 og Tambar. Tre strake sigrar og 7-1 i målskilnad ser solid ut men framleis har ein mykje å gå på. No ventar tre tøffe kampar på ei veke for Fjøra; Sandane heime 30/5, Førde 2 borte 3/6 og Skavøypoll borte 6/6
Bonus:
3 – Knut Ola Høvik
2 – Anders Hjeltnes
1 – Sindre Sanden
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 23.05 kl 20:00
Arena: Sletta
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vegard Rørvik
Høyang - Fjøra 0-1 (0-1)
0-1 3 min Anders Hjeltnes (Knut Ola Høvik)
Gult kort: Ingen på Fjøra
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Mathias Nese - Knut Ola Høvik (C), Daniel Fylling (Steffen Olsen frå 57.), Kees Erstad (Ole Morten Kvam frå 73.) - Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Karlis Bremers frå 88.), Håvard Lilletvedt (Victor Aguiar frå 79.)