[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vinnarar reisegavekort

Forfatter: Fjøra FK

13. juni 2014

Fotball
News article image

Fredag vart det trekt vinnarar for januar og februar månad

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av dei nærmaste vekene.

Vinnarane for januar og februar finn du nedenfor, me gratulerer begge to:

Januar       Nr  011      Per Kristian Ødegaard

Februar     Nr  287      Stein Harald Hjeltnes 

Mars         Nr  000    

April          Nr  000    

Mai           Nr  000    

Juni           Nr  000    

Juli            Nr  000    

August       Nr  000    

September Nr  000    

Oktober     Nr  000    

November  Nr  000    

Desember  Nr  000