[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Kaupanger 2-1

Forfatter: Fjøra FK

05. september 2015

Fotball
News article image

Fjøra slapp Kaupanger inn i kampen etter ein svak andreomgang, men med tomålssleiing å gå på heldt det akkurat til tre poeng

Fjøra åpna kampen veldig bra og viste at dei pr i dag held eit betre nivå enn naboane frå Kaupanger. Kaupanger var litt på etterskot og vart pressa bakover i bana, medan me klarte å trilla ball og vri spelet med relativt bra tempo. Alt etter fem minutt fekk me belønning for den gode starten då Mats Nondal drog til frå om lag 18-20 meter. Mats har fått dreis på avslutningane sine no i haust og klinka ballen nede i lengste hjørnet for Asheim i Kaupangermålet. Ti minutt etter fekk me ein stor sjanse då Kristoffersen curla ballen inn bak forsvaret til Kaupanger. To Fjøraspelarar bomma på ballen før Steffen Olsen avlutta utanfor. Halvvegs ut i omgangen auka Ole Morten leiinga til Fjøra då han plukka opp ein retur etter ein god corner frå Kristoffersen og litt etter fekk Mathias Flo gå opp åleine og burde auka til 3-0 men heada like over. For Kaupanger hadde Ørjan Hjellhaug ein farleg sjanse men avslutninga vart for enkel for Mjelleli og Fjøra tok dermed pause med fortjent 2-0 leiing.

Kva som var i drikkeflaskene som Per Barsnes hadde gitt Fjøraspelarane i pausen veit me ikkje, men noko oppkvikkande var det iallfall ikkje. Kaupanger kom ut mykje meir aggressivt i den andre omgangen og styrte etter kvart kampen mens passive Fjøraspelarar stort sett var på etterskot. Kaupanger ville rett og slett mest og sjølv om det var langt mellom dei store sjansane låg det ei redusering i lufta. Og reduseringa kom, signert Kristian Hauståker. Hauståker fekk god tid etter ein gjenvinning og frå om lag 25-30 meter berre «delja han te» som eks-Sogndal og Jotun strateg Frank Øyre ville sagt det. Kanontreffet fauk retning krysset og Mjelleli rakk kun å bevega hovudet for å konstatere at det no stod 2-1. Ein annan kauping, Kristian Opseth, vil nok ha eit ord med i laget om årets mål på Campus, men dette var absolutt ein god kandidat. Som om ikkje det var nok med redusering burde Ørjan Hjellhaug utlikna like etter men ballen strauk stolpen og nærmare kom ikkje Kaupanger.

Fjøra klarte å heva seg litt siste tjue minuttane og slapp ikkje Kaupanger til altfor mykje. Solid førsteomgang der me fort kunne scora eitt til men i andre omgang er me rett og slett ikkje påskrudd og då skal det ikkje meir til enn at Kaupanger tek over kampen. Dette må me ta lærdom av og det var nok ei nyttig påminning om at ingenting går av seg sjølv. Neste fredag ventar Florø 3 borte, eit lag som har heva seg mykje frå ein dårleg vårsesong.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Lørdag 05.09 kl 15:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Runar Hageland

Fjøra – Kaupanger 2-1 (2-0)

1-0      5 min Mats Nondal (Steffen Olsen)

2-0    27 min Ole Morten Kvam (Eirik Kristoffersen)

2-1    65 min Kristian Hauståker

Gult kort:  Ole Einar Rebni, Ørjan Hjellhaug (Kaupanger)      

Fjøra (4-4-2):

Håvar Mjelleli

--------------------

Elias Saltnes

Per Eirik Lunde

Knut Ripe

Eirik Kristoffersen

--------------------

Steffen Olsen

Kristoffer Møvik

Ole Morten Kvam (Kees Erstad fra 70.)

Mats Nondal (Daniel Fylling fra 89.)

--------------------

Mathias Flo

Arild Underdal (Sindre Rørvik fra 46.)

Kaupanger (4-4-2):

Aksel Asheim

---------------------

Arild Rindal

Kristoffer Dalaker

Brede Senneset Aaberge

Vegard Øien

---------------------

Andreas Sannebro

Kristian Hauståker

Kenneth Dvergedal

Victor Aguiar

----------------------

Ørjan Hjellhaug

Ole Einar Rebni