[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Fjøra FK - Veitastrond IL

Forfatter: Jan Fuglesteg

05. mai 2012

Fotball
News article image

Tredje serierunde i 4. divisjon er godt i gong og i dag, sundag 6. mai, er det blant anna Fjøra sin tur då dei tek i mot Veitastrond inne i Sognahallen. Det er historisk sus over denne kampen.

Fjøra står bokført med to sigrar på dei to første rundane. I tillegg så har laget ikkje sleppt inn mål. Laget har med dette plassert seg i toppen saman med Sogndal II som også har full pott. Kanskje ikkje så overraskande, men det er no slik at det vert det delt ut tre poeng for kvar kamp og desse må ein kjempa for dersom ein skal få dei. Og det har Fjøra greidd så langt. Førre helg vart det ein knipen, men fortent siger mot Jølster, i det som me karakteriserar som ein vanskeleg kamp på eit utfordrande underlag.

Det som har vore godt å sjå er at Fjøraspelarane har vore godt førebudde til kampane sålangt. Dei har teke tak frå start i forsøk på å styra dei. Det har Fjøra lukkast med. Det varierer litt prestasjonsmessig og kanskje kunne Fjøra ha scora endå fleire mål. Men så lenge ein har putta 8 og ikkje sleppt inn mål så er det i høgste grad godkjent.

Trenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar før dagens kamp mot Strondi:

" Me gledar oss til å møte Strondi. Mange kameratduellar i kampen gjer nok den ekstra spesiell.

For vår del handlar det om å ta tak i kampen, samstundes som me skal vere vakne for Veitastrond sin kontringstyrke og særs dyktige enkeltspelarar. Me veit at Veitastrond vil mobilisere 110%, og vil selje seg dyrt. Me skal spele vårt eige spel, og lysten til å vinne er større enn frykta for å tape. Det gir oss speleglede, og lyst til å angripe.
"

I ingressen nemnte me at dagens kam har historisk sus over seg. Det er nemleg slik at det er første gong Fjøra sitt førstelag møter VIL i seriesamanheng. Men i 2005, då Fjøra stilte med eit andrelag i 6. divisjon, så var det mange harde basketak. I treningskampar har laga også møtt kvarandre tidlegare. Så her ventar det nok ein Fjøravimpel for vIL (dersom dei då ikkje fekk det i 2005). All statistikk Fjøra har hatt mot VIL finn du her.

VIL starta sesongen med ein fin-fin bortesiger mot Dale på Dingemoen kunstgras. Rapportane seier at VIL stod på og kontra Dale i senk. Ein fortent 3-poengar for blåtrøyene. Optimismen og trua på 3 nye poeng var truleg difor stor i VIL-leiren då dei førre helg tok turen til Kreklingen og Balestrand. Men balestrendingane var klart mest på hugget og tok ein imponerande 5-1 siger. På heimesida til VIL les me at 1. omgang ikkje var noko særleg, men at det kom seg lite vette i den andre. Uansett, VIL fekk seg ein skikkeleg nasestyvar og vitnar om at det kjem til å bli mange tette og jamne oppgjer i årets 4. divisjon.

Det store tapet mot Balestrand samt at dette er eit lokaloppgjer gjer nok sitt til at VIL nok vil vera ekstra skjerpa mot Fjøra. Det lyt sjølvsagt også Fjøra vera om det skal bli poeng.

Det fine med VIL er at dei er flinke til å skriva prematch slik at det berre er å henvisa til deira heimesida for stoda i deira tropp.

Me ynskjer at flest mogleg, både sogndøler og strendingar, tek turen innom Sognahallen for å støtta sitt lag og lage god stemning. For dei som ikkje har høve til å få med seg kampen skal me prøva å få til ei live-overføring.

To kampar i runde 3 er alt ferdigspela og det vart poengdeling mellom Dale - Kaupanger (1-1) og mellom Lærdal - Jølster (3-3). Det er sannsynlegvis ingen av dei invoverte laga heilt nøgde med. Dei har plassert seg på dei 4 nederste plassane på tabellen uavhengig av resultata for dei andre kampane i runden. Men slapp av - det er fortsatt mange poeng å kjempa om.

Dagens
Guri har namnedag i dag. Gurimalla kor me gler oss til kamp.