Eid - Fjøra 1-1
Forfatter: Fjøra FK
13. juni 2013
Poengdeling mellom Eid og Fjøra i jamnspelt kamp
Eid og Fjøra delte poenga i ein jamnspelt kamp på Eid stadion i kveld. Fjøra leda 1-0 til pause etter scoring av Daniel Fylling mens Ove Balsnes utlikna seks minutt ut i andre omgang. Laga hadde kvar sine periodar i kampen, kanskje med eit ørlite overtak til Eid.
Sjølv om Fjøra leda 1-0 til pause var det nok Eid som spelemessig var det beste laget i denne omgangen. Fjøra var litt ukomfortable med underlaget sidan dette var lagets første graskamp og fekk ikkje spelet heilt til å gli. Eid sto høgt og Fjøra tok sjeldan sjansen på å sette i gang bak. Sjansane til Fjøra kom stort sett på overgangar, og spesielt på sidene blottla Eid seg litt. Det var nettopp slik målet til Fjøra kom etter 22 minutt då Ola Ødegaard fint spelte Daniel Fylling igjennom. Daniel plaserte ballen utagbart i lengste stolpe og inn og dermed leiing til Fjøra.
Eid hadde litt trykk mot Fjøramålet men utan å produsere dei store sjansane. Dei kom seg rundt på kant ved nokre høve, og hadde eit par farlege legg som Fjøra fekk avklart eller som Eid ikkje utnytta godt nok. Mot slutten jobba Fjøra seg meir inn i kampen og kontrollerte inn 1-0 til pause
I starten av andre omgang fekk Eid trykt Fjøra litt tilbake og etter seks minutt enda ein avklaring fra Fjøraforsvaret i beina til Ove Balsnes på 25-30 meter. Han dempa ballen før han sendte av gårde eit skot som gjekk via hånda til Bøyum og inn i hjørnet. Eid hadde nokre farlegheiter i denne perioden før Fjøra etterkvart klarte og heva seg. Siste halvdel av omgangen var Fjøra det beste laget og hadde nokre store sjansar til å avgjera kampen. Blant anna lobba Underdal over keeper og målet til Eid, medan Hunemo heada ein corner i mål som korrekt vart annulert då corneren hadde vore over dødlinja i lufta. Det skal også seiast at kampen bølga fram og tilbake og Ylvisåker avverga blant anna ein stor Eidsjanse med ein sklitakling på streken.
Begge lag kunne stukke av med alle poenga siste 20 minuttane, men alt i alt var nok uavgjort eitt greit resultat. Uvant underlag for Fjøra som har spelt alle kampane hittil på kunstgras. I dag var det ei våt grasbane me måtte prøva oss på, og sjølv om spelet ikkje sat heilt var det ingenting og sei på innsatsen. God jobbing over heile linja og kjekt å sjå at me nok ein gang står kampen bra heilt ut.
Me takkar Eid for kampen og ønsker dei lykke til vidare i årets sesong. Stig Høynes var som vanleg på plass og knipsa ein rekke flotte bilder fra kampen, som du finn her: http://www.haugenfotball.no/fakta130613eidfjora.html
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Torsdag 13.06.13 kl 19.00
Arena: Eid Stadion, gras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Ronny Stian Hopland (Skavøypollen)-Ståle Sandal (Wigan), Tom Edvinsen (Stryn)
Tilskodarar: ca 40
Eid - Fjøra 1-1 (0-1)
0-1 22 min Daniel Fylling (Ola Ødegaard)
1-1 51 min Ove Balsnes
Gult kort: Daniel Fylling, Ola Ødegaard (Fjøra). Ove Balsnes, Øystein Aabrekk (Eid)
Eid:
Tom Øyvind Solheim, Ove Balsnes, Simen Nord, Erik Rotihaug, Arild Rindal, Oliver Rotihaug, Andreas Heggedal, Øystein Aabrekk, Eivind Skrede, Lars Erik heggen, Bjørn Totland
Fjøra (4-2-3-1):
Håvard Bøyum- Ola Ødegaard, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Kristian Nornes - Øystein Wilkensen, Olve Øvstetun – Håvard Lilletvedt, Knut Ola Høvik (Stian Solberg fra 70.), Ørjan Hjellhaug (Arild Underdal fra 80.)- Daniel Fylling (Magnus Hunemo fra 58.)