[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Follese - Fjøra 5-3

Forfatter: Fjøra FK

23. mars 2013

Fotball
News article image

Det vart til slutt 5-3 tap for Fjøra mot Follese, men det var kun ein 15 minutts periode i starten av andre omgang som øydela eit ellers ok totalinntrykk.

Fjøra fortsette der dei slapp i fredagens kamp mot Smørås med bra tempo og intensitet i spelet sitt. Dei første 45 minuttane var jamne, utan dei altfor store sjansane. Avslutningane var stort sett distanseskot frå rundt 16-20 meter.

I det 17. minutt rulla Follese opp eit angrep på si venstreside. Ballen vart etter kvart lagt ut 45 grader i feltet der ein Follesespelar dunka ballen utagbart i mål bak Håvard Bøyum. Nøyaktig 20 minutt tok det Fjøra og kvittere, og det var Jørn Kvalvik som slett ikkje ville at broder Rune Kvalvik og Follese skulle stikke av med seieren i dagens kamp. Kenneth Nondal forserte fint fram langs kanten, før han spelte vidare inn til Kvalvik som dunka ballen i mål fra ca 20 meter. Flott scoring av Jørn, som jubla slik berre ein bresen Cantona gjorde i si storheitstid.

Omgangen ebba ut med 1-1, ein omgang Fjøra kan sei seg godt fornøgde med. Fokus i pausen var å fortsetta og gjera ting enkelt og halde fram på same vis som i første halvdel. Dessverre stod Fjøraspelarane litt med lua i handa i starten av andre omgang, og før det var spelt 60 minutt var stillinga oppe i småstygge 5-2 til Follese. Litt tilbake til gamle synder i ein del av desse situasjonane, der ein er for lite besluttsomme og kyniske i hovudet  inne i og rundt eigen sekstenmeter. Fjøra sin andre scoring kom, trur det eller ei, nok ein gang frå Jørn Kvalvik, som tydelegvis ville visa seg fram på heimlege trakter. Det var etter eit godt frispark fra Kenneth Nondal, som keeper måtte gi retur på, at Kvalvik var frampå og putta sin andre kasse for dagen, og redusering til 3-2.

Fjøra heva seg etter dette, men resten av kampen bar likevel litt preg av at Follese meir eller mindre hadde avgjort kampen. I det 90. minutt fekk Fjøra sin redusering, og den kom etter at Mats Nondal gjorde ein veldig god gjenvinningsjobb høgt opp i bana. Han fekk slått vidare til Daniel Fylling, som fant Ørjan Hjellhaug på veg igjennom. Yngsteblad Hjellhaug netta sikkert i nærmaste hjørnet til keeper, fin scoring der.

Totalinntrykket er tre solide omgangar i helga, der den defensive tryggheten er tilbake der me ynskjer at den skal vere, samstundes som det offensive spelet gli godt. Andre omgangen i dagens kamp mot Follese er me naturlegvis ikkje heilt nøgde med, men det var i all hovudsak dei første femten minuttane som øydela for oss der. Me blir hardt straffa i nokre minuttar der me ikkje er heilt på, så det vert viktig for oss å læra noko av dette.

Etter kampen bar det rett til curlinghallen på Vestkanten, der spelarane gjennomførte ei totimars restitusjonsøkt med påfølgande pizza. Kan nemna at Eilert ”Takeout” Holme leverte mange gode ”takeouts” her, dog ikkje til 20 i stil…

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Laurdag 23.03.13 kl 12.00

Arena: Skogen Idrettsplass, Follese

Turnering: Treningskamp

Dommar: Lars Drange, Hetlevik IL

Tilskodarar: Ca 30

Ver og baneforhold: Strålande sol og ein ørliten bris. God kunstgrasbane

 

Follese – Fjøra 5-3 (1-1)

1-0      17 min ukjendt

1-1      37 min Jørn Kvalvik (Kenneth Nondal)

2-1      46 min ukjendt

3-1      49 min ukjendt

3-2      53 min Jørn Kvalvik (Kenneth Nondal)

4-2      55 min ukjendt

5-2      58 min ukjendt

5-3      90 min Ørjan Hjellhaug (Daniel Fylling)

Gult kort: ingen

Fjøra (4-4-1-1):

Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Ole Marius Solberg, Vegard Nes (Eilert Holme fra 82.), Kristian Nornes- Mats Nondal, Olve Øvstetun, Ola Ødegaard (Øystein Wilkensen fra 63.), Kenneth Nondal- Håvard Lilletvedt (Daniel Fylling fra 74.)- Arild Underdal (Ørjan Hjellhaug fra 74.)